Hopp til innhold

Gjekk amok på NAV-kontoret

Ein mann i 20-åra er pågripen og sett i arresten i Førde etter å ha vore truande ved NAV-kontoret i Førde.

Førde rådhus (baksida)

TRUSLAR: Ein mann er pågripen etter truslar på NAV-kontoret i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.17. Mannen skal ha vore verbalt truande og slått i veggen.

– Mannen var rusa og truande. Han er pågripen og sett i arresten i Førde, får politiet opplyst ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Stengde kontoret

Magne Kjetil Berg

LEIAR: Magne Kjetil Berg er leiar ved NAV-kontoret i Førde.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Leiar Magne Kjetil Berg ved NAV i Førde, fortel at situasjonen oppstod under eit møte.

– I løpet av møtet oppstod det ein situasjon der det vart usemje om hans situasjon. Han vart opprørt, seier Berg og fortel at mannen reiste frå staden og seinare vart pågripen.

– Vi stengde kontoret mellombels og hadde dialog med politiet. Etter at dei henta han inns, så opna vi att, legg han til.

Ingen vart skadde

Berg er glad for at ingen vart skadde i episoden. NRK skreiv nyleg at politiet blir kopla inn i kvar tredje sak NAV-tilsette opplever som trugande.

I ei undersøking kjem det fram at rusa personar, grove trugslar, sjikanerande framferd og frykt utgjer ein stor del av kvardagen for tilsette ved NAV-kontora.

– Alle slike hendingar blir oppfatta som ubehagelege og trugande for tilsette. Vi ser alvorleg på at vi ikkje klarer å løyse situasjonar med dialog, seier Berg.

Blir meld til politiet

Hendinga måndag føremiddag blir truleg meld til politiet. Berg seier han vil gå igjennom hendinga med dei tilsette.

Dette er vanleg prosedyre.

– Vi ser det som viktig å beskytte tilsette og brukarar i alle slike situasjonar. Difor gjer vi som vi har gjort, avsluttar han.