Hopp til innhold

Gir seg etter åtte år for Kystvegen

69 år gamle Eivind Hjellum har sidan 2007 arbeidd for Kystvegen Ålesund-Bergen. No seier han takk for seg.

Eivind Hjellum

GIR SEG ETTER ÅR: Eivind Hjellum må konstatere at det framleis er langt fram for Kystvegen.

Foto: Privat

– Eg får nok heilt sikkert abstinens, og eg kan ikkje love at eg kjem til å teie stilt i framtida. Men eg må gi meg som aktiv medarbeidar i Kystvegen og overlate det til andre, og det er eigentleg litt godt å sleppe til yngre og friske krefter, seier 69-åringen midt under den siste kystvegkonferansen han er medansvarleg for.

I farten kjem Hjellum ikkje på kor mange år han har vore med på å arbeide for ein kystveg mellom Ålesund og Bergen. Etter å ha leita i gamle papir kjem han til at det tok til i 2007.

– Det starta då eg sat som hamne- og næringssjef i Flora og tok initiativet til styret, som støtta opp om det med ein gong. Så gjekk vi til nabokommunane og fekk positiv respons med ein einaste gong. Det skjedde i 2007.

Gledeleg semje

Og nettopp det at ideen fekk full oppslutnad frå første stund er noko av det som har gledd Hjellum mest i arbeidet for Kystvegen.

– For tradisjonelt er vi mykje usamde her på kysten i Sogn og Fjordane, men vi fekk positiv respons heile vegen. Og så gjekk vi til nabofylka og fekk positive svar derifrå og.

I 2010 vart arbeidet meir formalisert med skipinga av Kystvegen Ålesund-Bergen.

Eivind Hjellum

LITT ABSTINENS: Eivind Hjellum slepp til nye krefter, men vil nok innimellom sakne arbeidet for Kystvegen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Når det gjeld kva dei har oppnådd på alle desse åra må Eivind Hjellum medgi at det har vore eit langt lerret å bleike.

– Vi er ikkje komne i mål, men vi har fått meir positiv respons og forståing i fylkeskommunen som politisk organ. I tillegg har folk flest i Sogn og Fjordane forstått og blitt samde i at Kystvegen bør realiserast, og det er kjekt.

Håpar på riksvegstatus

Men det manglar enno mykje på at det er ein samanhengande veg på kysten i Sogn og Fjordane. Dalsfjordbrua kom på plass i desember 2013, men gir ikkje effekt for Kystvegen før det også er bru over Førdefjorden, og dit er det langt fram.

Mellom Florø og Måløy er del to av Bremangersambandet på plass, og strekninga Svelgen-Indrehus er prioritert på topp på fylkesveglista.

– Det som er beklageleg er at fylkeskommunen ikkje har så mykje å rutte med, det kan nok bli ein hemsko. Det som er spennande no er at vi kanskje kan få rykke opp ein divisjon og få status som riksveg, for Staten har jo pengar. Men også der er det kø, så det må nok jobbast for å få prioritet, seier den avtroppande prosjektleiaren for Kystvegen Ålesund-Bergen.