Det var i Brennpunkt-dokumentaren «Fortell og forsvinn» at den tidlegare sexslaven Yasmin fortalde historia si.
For fem år sidan klarte ho å rømme frå bakmannen etter 15 år som tvangsprostituert. Ho kom då til Krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø, og trudde ho var trygg.
Men UNE har no fått medhald i lagmannsretten om at Yasmin skal sendast ut av landet.
- Her er Yasmin si historie:
Skal sendast til Ungarn
I tråd med Dublin-avtalen vert Yasmin då send til Ungarn, som er det landet ho vart registrert som asylsøkjar i.
Lagmannsretten fann ikkje at kvinna var særskilt sårbar, og nytta seg såleis ikkje av unntaksregelen, noko Hovland reagerer sterkt på.
Ho er klar på at dei vil anke avgjerda til Høgsterett.
– Advokaten sit no og førebur saka for Høgsterett, seier Hovland.
Dei har hyra inn ein advokat som har særs god kunnskap om denne saker.
- Les også:
Held fram så lenge det er håp
Men det er ikkje gitt at dei får prøve saka si for Høgsterett. Viss så skulle skje, vil dei ha saka opp i Menneskerettsdomstolen.
– Dette handlar om menneskerettar. Vi går vidare med saka så lenge det er håp. Vi kan ikkje gje opp. Og vi kan ikkje sjå på at eit menneske går til grunne. Dette er ei skam for Norge, seier Hovland.
Ho seier at Yasmin tek avslaget på opphald i Norge svært tungt.
– Yasmin har det forferdeleg. Ho er fortvila og vil berre døy, seier Hovland.
Ho legg til at kvinna er sjuk og slett ikkje i stand til å ta seg av seg sjølv, og meiner dette er godt dokumentert.
– Det er ubegripeleg for meg at unntaksregelen ikkje skulle gjelde, seier Hovland.
- Les også:
Har starta kronerulling
Yasmin er pålagd å betale sakskostnadar på vel 220.000 kroner. I tillegg har Krisesenteret kosta advokat i dei to sakene.
– Vi har betalt for advokaten hennar, for ho har ikkje fått fri rettshjelp. Og advokaten som har jobba med saka har gjort utruleg mykje utan å få ei krone betalt. Utan henne kunne vi aldri køyrt saka, seier Hovland.
Krisesenter har brukt av midlar som dei har fått opp gjennom åra, øyremerka til juridisk hjelp. Men no er også denne potten tom.
- Les også:
Har fått utsett utsendinga
Likevel trur Hovland det skal late seg gjere å få på plass pengar slik at saka kan førast vidare.
– Vi er avhengige av at folk bidreg. Det er allereie folk som har starta innsamlingsaksjon, og mange har teke kontakt med oss i dag, seier Hovland.
Dei har klart å få til utsett iverksetjinga av utsending.
– Ho skal få lov til å vere i Norge til saka er avgjord i siste rettsinstans, seier Hovland.