Hopp til innhold

Hentar tre utlendingar for å bli eit topplag - men gir erkerivalen favorittstempelet

Med berre nokre dagar igjen til seriestart, sikra Jotun seg denne veka tre viktige forsterkingar. Sportsleg leiar Torstein Kvam meiner likevel Førde må finne seg i å vere favorittar til sigeren i avdelinga.

Jotun handball

KVESSAR KNIVANE: Jotun har forsterka laget den siste veka før seriestart. Men Torstein Kvam (med ryggen til) meiner Førde er favoritt i avdelinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Førde er nok storfavorittar. Dei byrjar å få erfaring, har god breidde på stallen og går ikkje på ein ny smell no i kvaliken no. Eg trur dei tek steget opp denne gongen, seier sportsleg leiar Torstein Kvam i Jotun.

Sogningane har gjennom mange år hatt for vane å kjempe heilt i toppen av 2. divisjon, og så seint som i fjor enda dei på andreplass - med berre Førde i vegen for avdelingssigeren.

No har Jotun henta tre forsterkingar:

  • Ramona Szabo (33). Midtback og playmaker. Sentral brikke på Jotun for nokre år sidan, som no er tilbake etter fleire sesongar i dansk handball.
  • Sladjana Perazic (18). Venstrehendt back frå Montenegro, med 186 cm på strømpelesten. Har spelt i Champions League og på U21-landslaget.
  • Marija Mudronja (31). Rutinert strekspelar frå Montenegro. Har spelt handball i Kroatia og Slovenia.

Trur på jamn og tøff kamp i toppen

No trur den sportslege leiaren at Jotun kan hengje med i toppen også i år - trass i at laget mellom anna har sett toppscorar Rebecca Brun Steinheim forlate klubben.

– Vi er nok ein outsider saman med Voss og kanskje eit par lag frå Bergen. Men Førde er ein klar favoritt, seier Kvam.

Førde-trenar Øyvind Indrebø trur det er fleire lag som kan kjempe i toppen.

– Vi må berre forholde oss til at andre meiner vi er favorittar. Vi håpar å vere med og kjempe i toppen, men eg er sikker på at vi har mange utfordrarar. Eg trur det blir ein jamn serie med mange tøffe kampar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ramona Szabo sette inn sju mål i toppkampen

TILBAKE I GRØNT: Ramona Szabo blir ei forsterking på Jotun i årets sesong.

Foto: Siren Svortevik

Meiner serievinnaren har blitt endå betre

Førde måtte sjå Fjellhammer stikke av med det etterlengta opprykket til 1. divisjon, etter eit rekordjamt oppgjer over to kampar. No meiner Indrebø at mannskapet hans er betre førebudd enn på same tid i fjor.

– Så står det att å sjå om det er godt nok. Dei vi skal spele mot har utvikla seg, og eg kan ikkje eit einaste lag som blir enkelt å spele mot, seier han.

– Vi har ein stamme i laget som har halde saman i lengre tid. Vi har prøvd å auke treningsmengdene og kvaliteten i det vi gjer. I tillegg har vi vore gjennom tøffe kvalikkampar i haust, som har gjort at vi har blitt skjerpa på ein annan måte enn vi normalt ville ha blitt. Summen gjer at vi er betre, seier Førde-trenaren.

Skulle helst ha vore lokale, men...

Sogn og Fjordane stiller med tre lag i årets 2. divisjon. I tillegg til Førde og Jotun er også Stryn på plass i divisjonen. Nordfjordingane er nyopprykte frå divisjonen under.

Både Førde og Jotun har eit lag med fleire utanlandske spelarar.

– Er de medvitne med tanke på kva det kan gjere med interessa for laget?

– Vi skulle helst ha vore det forutan. Men det går på ei vurdering av kor vi ønskjer å liggje - og vi vil vere i toppen av 2. divisjon. Vår eigen rekruttering har vore for dårleg, og det går ikkje med berre lokale spelarar. Samstundes trur eg alle laga på dette nivået må ut og hente ein viss del spelarar utanfrå, seier Torstein Kvam.

Førde handball

HAR BLITT BETRE: Førde vann 2. divisjon sist sesong. No har laget blitt endå betre, meiner trenar Øyvind Indrebø.