Hopp til innhold

Geitost-konsept nominert til årets kulturidé

Det heile starta som ei stølshelg for minst 100 år sidan. No er Fjord- og geitostfestivalen i Undredal nominert til årets kulturidé.

Arrangørane bak Fjord- og geitosfestivalen

EI ÆRE: Det betyr mykje for arrangørane bak Fjord- og Geitostfestivalen å bli nominert til årets kulturidé. Frå venstre Andreas Aspevold, Brita Underdal og Leif Inge Underdal.

Foto: Anna Karine Marstein

Dermed er dei ein av ti nominerte som kjempar om premien på 100.000 kroner frå NRK Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga i fylket.

Kulturideen starta som ei stølshelg for minst 100 år sidan. Sidan har det utvikla seg og vart til ein festival i 1996/1997. At Fjord- og Geitostfestivalen no er nominert til årets kulturidé betyr mykje for tre av dei som står bak.

– Vi var sjølvsagt kjempeglad når vi fekk høyre dette, og det er ei stor ære og spennande at vi kan vinne dette her. Uansett er det veldig kjekt å vere ein av dei ti, og at folk får høyre om oss, seier Brita Underdal.

Osten som midtpunkt

Festivalen er delt opp i fleire emne, men geitosten er eit viktig element.

– Det er ein stor del av festivalen dette med ystinga i bygda her, og det er litt for å vise osten vår og fortelje litt om historia bak den. Så den vil gå som ein raud tråd gjennom festivalen, med både servering og diverse. Den går blant anna igjen i alle matrettar, fortel Andreas Aspevold.

Han meiner det ikkje er tvil om at dette konseptet kan kvalifiserast som ein kulturidé.

– Det er i høgste grad ein kulturidé når ein ser tilbake på historia både til ideen og til bygda i forhold til ysting og det her landskapet rundt, seier Aspevold.

Fjorden som tema

Tidlegare har festivalen berre vore kjend som Geitostfestivalen, men no ønskjer gjengen bak å utvide konseptet.

– I år har vi teke inn fjorden og fjordlandskapet som eit nytt tema i festivalen, og vi har utvida den litt tidsmessig også. No startar vi torsdag, og torsdag og fredag er fjorden tema, seier Leif Inge Underdal.

– Er dette ein festival som også er kjekk for dei unge?

– Det er spesielt kjekt for oss unge. Det er veldig viktig for oss å vise unge og vaksne rundtom i andre bygder kven vi er, og at vi faktisk kan få til noko sjølv om vi berre er 70 innbyggjarar. Vi pleier vanlegvis å ha 80 frivillige, seier Brita Underdal.

– Ei kulturhending rundt osten

Og Fjord- og Geitostfestivalen får mykje lovord hos juryen.

– Dei byggjer ei kulturhendig rundt dette med geitosten. Og å kalle det for Geitostfestivalen synest vi er flott fordi det byggjer på noko som verkeleg er lokalt og eit kjenneteikn for bygda. Dei lagar geitost på gamle måten, og har stor kompetanse på landbruksproduksjon og så byggjer dei rundt det, og det er det som er flott med den her festivalen, seier sjef for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, som er ein av fire jurymedlemmer.

Vil sjå utvikling

Likevel ønskjer ho å utfordre festivalgjengen i Undredal fram mot kåringa.

– No er det slik at festivalen har vart ei stund. Vi synest ideen geitostfestival er bra, men så vil vi utfordre dei litt meir på dette med utvikling. Kva tenkjer dei eigentleg at det skal vere? Men med så mykje engasjerte folk trur vi det er stort potensial, seier Bjørkum.

Og det er ei utfordring Brita Underdal og resten av gjengen bak festivalen ønskjer å ta.

– Eg synest det var veldig positive tilbakemeldingar. Vi er klare for å svare på det dei lurte på, seier ho.