«Giske for Sunnfjord og fiske». «Vi er imot usunn fjord».
Eit par titals demonstrantar gav tydeleg til kjenne kva dei meiner om planane om fjorddeponi i Førdefjorden.
– Det går ikkje an å fylle fjordane våre med skit og lort. Vi må tenkje oss godt om før vi gjer slikt, seier ein av demonstrantane utanfor Sunnfjord Hotel, Astrid Wittersø.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Giske har vore positiv
Tilropa var mange frå demonstrantane, men Trond Giske hadde det travelt, og parerte dei fleste utsegn med at han var på veg til eit viktig møte.
Både Giske og Arbeidarpartiet har gått inn for Nordic Mining sine omstridde gruveplanar i Vevring, med deponi i Førdefjorden. Han er sentral når regjeringa skal handsame planane som gruveselskapet Nordic Mining har om å dumpe overskotsmasse frå gruvedrifta i Førdefjorden.
– Eg tenkjer det er viktig at miljøomsyna vert ivaretekne og at det er bra at det er engasjement rundt det. Vi må få på plass ei gruvedrift, eit deponi og eit næringsliv som er mogleg å foreine med fiskeliv og ein rein fjord, seier næringsminister Trond Giske.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Meiner ny info er på plass
Det var ikkje nok til å roe demonstrantane.
– Vi vil gjerne gjere Giske merksam på at Førdefjorden er umisseleg, at han er full av fisk, at det ikkje går an å tru i 2012 at du kan dumpe 11 tonn gruveavfall og kjemikaliar i Førdefjorden kvart minutt kvar dag og natt i 50 år utan at Førdefjorden døyr, seier media- og samfunnskontakt i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe, Anne-Line Thingnes Førsund.
Ho seier at Svalbardforsking har sett over materialet frå Niva og HI.
– Dei seier at i Førdefjorden er det full utskifting av vatnet. Dei påpeikar at straummålingar ikkje er gjort. Dermed kan ein ikkje seie noko om kor vidt gruveavfallet vil søkkje, liggje i ro eller ikkje spreie seg, seier Førsund.
- LES OGSÅ:
Trur det får negative konsekvensar
Førsund fryktar for kva konsekvensar eit fjorddeponi vil få, ikkje berre for fiskelivet.
– Vi ønskjer at Trond Giske skal sørgje for at det blir teke omsyn til både norsk og internasjonal lovgiving som faktisk i seg sjølv skulle forby den type miljøkriminalitet som vi meiner det er å øydeleggje dei norske fjordane. Dette vil føre til eit omdømmetap for Norge som miljø-, reiseliv- og sjømatnasjon, seier Førsund.