Hopp til innhold

To gassflasker eksploderte i båt ved kai på Stadlandet

Brannvesenet vil likevel ikkje slepe den brennande båten Karm Viking frå kaia på Stadlandet i Selje der den ligg fortøydd. Torsdag kveld byrja båten å brenne då to gassflasker eksploderte om bord.

Brann på Karm Viking

EKSPLOSJON: To gassflasker har eksplodert om bord i fiskebåten Karm Viking som ligg til kai på Otneimneset på Stad.

Foto: Øystein Torheim

Brann på Karm Viking

FULL UTRYKKING: Politiet fekk melding om brannen i den 38 meter lange tidlegare fiskebåten «Karm Viking» klokka 21.47 torsdag kveld.

Foto: Aina Otneim

Brann på Karm Viking

EKSPLOSJON: To gassflasker har eksplodert om bord i fiskebåten Karm Viking som ligg til kai på Otneimneset på Stad.

Foto: Aina Otneim
– Båten ligg framleis ved kai. Det var ein plan om å slepe båten til havs, men det har ikkje vore naudsynt enno. Brannmannskapet meiner dei har kontroll og difor ligg den ved kai, seier operasjonsleiar Per Rimmen hos politiet til NRK.no klokka 05:15.

Politiet fekk melding om brannen i den 38 meter lange tidlegare fiskebåten «Karm Viking» klokka 21.47 torsdag kveld. Både brannvesen, ambulansar og politi rykka ut til kaien i industriområdet på Otneimneset på Stadlandet. «Karm Viking» er ein gammal fiskebåt som no gjer teneste som vaktbåt.

To til legesjekk

Det var to personar om bord på båten, men begge kom på land ved eiga hjelp.

– Begge er likevel sende til rutinesjekk hos legevakta på Nordfjordeid, seier Rimmen.

Politiet opplyser at det skal vere kring 40.000 liter drivstoff om bord i båten. Rundt klokka 23 gjekk brannvesenet om bord, men dei klarte ikkje å sløkke brannen då temperaturen vart for høg.

Ifølgje Rimmen er det to flasker med Argon-gass som har eksplodert. Politiet veit førebels ikkje kvifor dei to flaskene eksploderte.

– Det brenn framleis i baugen på båten, men det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg til bygningar i området. Dette er ein lukka båt og det brenn innvendig, difor viser ingen flammar på utsida, seier han.

Redningsskøyta Emmy Dyvi er på staden og også slepebåten Boa Heimdal frå Kystverket på plass. Den har stor slokkekapasitet og ligg i beredskap.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann på Karm Viking

HAR KONTROLL: Brannvesenet har beredskap på land og situasjonen er vurdert slik at det ikkje er fare for personar som er i nærleiken.

Foto: Øystein Torheim

Har brukt varmesøkjande kamera

Brann på Karm Viking

EKSPLOSJON: To gassflasker har eksplodert om bord i fiskebåten Karm Viking som ligg til kai på Otneimneset på Stad.

Foto: Aina Otneim
Karm Viking
Foto: Øystein Torheim

Før båten blei forlaten, blei så mykje som mogleg nedstengd for å hindre oksygentilførsel. Mannskap har vore på utsida med varmesøkjande kamera så dei har kontroll på kvar det er varmast om bord.

– Det er store mengder drivstoff om bord, og brannvesenet fryktar dette skal ta fyr, seier han.

Kan spreie seg til maskinrommet

Brannvesenet har beredskap på land og situasjonen er vurdert slik at det ikkje er fare for personar som er i nærleiken.

– Det er nok mannskap til å takle ein situasjon om det blussar opp.

– Kor dramatisk var situasjonen i går kveld?

– Det er ganske dramatisk når det smell om bord. Brann i eit fartøy, sjølv om det ligg til kai, det er ingen enkelt oppgåve å hanskast med.

– Har brannmannskapet kontroll på brannen?

– Så langt så det let seg gjere. Det er ikkje mogleg å gå om bord, til det er temperaturen altfor høg. Dei siste meldingane vi har fått, er at det er fare for at brannen kan utvikle seg. Det kan tyde på at brannen er på veg ned i maskinrommet. Det er det ein tank på om lag ein kubikk, seier Rimmen.

– Kva skjer vidare utover morgonen?

– Det skal vere ei ny vurdering av situasjonen klokka åtte. men slik det er no, er det ikkje mogleg å sende folk om bord, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Varmesøkjande kamera viser brannen ombord

VARMESØKJANDE KAMERA: Dette biletet viser båten teke med varmesøkjande kamera. Forskipet er til venstre i biletet.

Foto: Vidar Johannessen, redningsskøyta Emmy Dyvi

Har slepar klar

Redningsskøyta Emmy Dyvi blei tilkalla 23:30. Styrmann Vidar Johannessen seier brannmannskapet hadde god kontroll då dei kom fram.

– Situasjonen var skalert ned fordi det var mindre røykutvikling. Vi gjorde ei vurdering og tok nokre forholdsreglar. Vi fekk lagt ut ein slepar som er klar til å feste i båten. Vi tok også med politi og brannvesen med for å filme med varmesøkjande kamera, seier han.

No ligg dei stand by om lag ein kilometer sør for den brennande båten.

– På grunn av vindretninga kunne vi ikkje liggje like ved båten, så no ligg vi eit stykkje ifrå, seier han.