For Espen Hjelmeland er det ekstra stas. Det var nemleg familien hans som foreslo at Garden skulle leggje turen sin innom Førde då dei skulle på Vestlandsturnè.
– Eg og mamma og pappa var på ein restaurant i Oslo og rett ved sidan av oss sat sjølvaste gardesjefen. Han helste på foreldra mine og så sa vi litt sånn forsiktig at garden kunne jo teke seg ein tur til Førde. Og det var han einig i. Så det enda opp med at han kommanderte heile kompaniet til Førde, fortel Hjelmeland.
Han tykkjer det var utruleg kjekt at gardesjefen gjorde så mykje for å kome til Førde.
(Artikkelen held fram under biletet)
Nytta sjansen på restaurant
– Då eg høyrde at Espen hadde fått oss til Førde vart eg ganske overraska. Det hadde eg ikkje rekna med, seier Kristoffer Haugen som og spelar i garden.
Vestlandsturneen starta dei i Trondheim og går vidare nedover til Bergen. Dei har også vore innom Molde og Geiranger før dei kom til Førde.
Far Hjelmeland, Per Arne, sende også epostar til Garden og sa det var på tide at dei tok turen. Garden har ikkje vore på besøk i Førde sidan slutten av 70-talet.
– Då vi sat på restauranten nytta eg sjansen og fortalde om folkemusikkfestivalen i Førde og då vart dei veldig gira på å ta turen hit.
Det er heilt fantastisk å sjå dei her i dag. Og så ser eg jo sonen min blant gjengen der, så då vert ein ekstra stolt, seier far Hjelmeland.
Han legg ikkje skjul på at det å få garden til Førde, kan få fleire i skulemusikken til å ønskje seg inn blant dei staslege uniformene.
Slitsamt og kjekt på same tid
Sonen Espen fortel at han i alle fall tykkjer det er veldig moro å vere ein del av desse musikarane.
– Og litt slitsamt til tider, men vi får oppleve så mykje kjekt at det er verdt det. Vi får spele mykje konsertar rundt omkring, reise på turne til utlandet saman med andre utanlandske militære korps. I tillegg får vi jo reise ein del i Norge, og i år er vi på Vestlandsturne, og det er ekstra kjekt å vere på heimlege trakter, fortel Hjelmeland.
Han spelar sopran saksofon i korpset og har traktert instrumentet sidan han var 9 år gamal. Hjelmeland har bakgrunn frå skulemusikken i Førde, og kjem frå ein korpsfamilie. Han har også gått på Firda der han spelte i Gloppen Janitsjar.
Mange som vil ta bilete
Haugen frå Hornindal spelar trompet i korpset. Instrumentet vart han kjent med då har var 9 år og har sidan spelt.
– Eg tykkjer det er stas å få vere ein del av det mest synlege kompaniet. Du får treffe veldig mange musikarar på same alder, og du kjem nært innpå dei. Vi får veldig mykje merksemd, i alle fall no når vi er på turne. Det er utruleg mange som vil ta bilete, og peikar på bussane når vi køyrer forbi, fortel Haugen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Bukse med press
I korpset er det berre vernepliktige, og for å kome med må ein gjennom ein liten opptaksprøve og intervju.
Gutane innrømmer at dei har blitt gode på å lage buksepress i løpet av tenestetida.
– Vi trur ikkje vi kjem til å klare å gå i ein dress utan skikkeleg buksepress, fortel dei og ler.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Dei er svært samkøyrde
Fleire musikantar frå Førde fekk i dag spele med H.M. Kongens Garde.
16-åringane Guro Andersen Hudvebakke og Ane Marte Warvik var to av korpsjentene som fekk oppleve dette.
– Vi fekk vite om det for ein månad sidan og tenkte at det var spennande, for det er jo ikkje så mange som får lov til det, fortel, Varvik.
Dei er begge einige i at garden er svært samkøyrde og kanskje eit par hakk betre enn deira eige korps.
– No skal vi spele Gamal jegermarsj i lag med dei og den kan vi ganske godt, fortel dei.
Dei to jentene ser enda ikkje føre seg at dei kjem til å bli ein del av H.M. Kongens Garde, men ser på spelinga som ein fin hobby.