Hopp til innhold

Går mot nytt rekordår for Skåla Opp

Allereie fire veker før motbakkeløpet går av stabelen i Loen i Stryn er nærare 1400 deltakarar påmelde.

skåla

POPULÆRT LØP: Skåla Opp nærmar seg nok eit rekordår. Fire veker før løpet vert arrangert manglar det berre rundt 400 mosjonistar for å gi ny rekord.

Foto: Lyngve Skrede

Konkurranseklassen i La Sportiva Skåla Opp har eit tak på 800 løparar vart fullbooka i fjor haust, og no melder fleire og fleire mosjonistar seg på også. Det melder arrangørane i ei pressemelding.

Fjoråret bydde også på rekorddeltaking, då 1780 mosjonistar var registrert på toppen. No trur arrangørane at den tidlegare rekorden vil bli sletta under årets løp.

Løpet skal gå av stabelen 17. august, men i fint vêr no i ferien melder arrangørane om stor aktivitet også elles.

– Med nytt golv, nye møblar og ny kjøkkeninnreiing, samt at murveggen i sjølve tårnet er tetta, står Skålatårnet fram i ny drakt, skriv dei i pressemeldinga.