Hopp til innhold

Går gjennom videoopptak

Politiet ser gjennom timevis med videoopptak for å finne svar på kva som skjedde i Nordfjordeid sentrum natt til søndag. Tre tenåringar er sikta for seksuell omgang med ei 15 år gammal jente.

Mogleg åstad for voldtekta

Dette smuget i Nordfjordeid sentrum er ein av stadene der politiet har sikra seg spor.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har gjort ein del avhøyr av vitne. Gjennom videoopptaka vil vi prøve å stadfeste det vi har blitt forklart, seier lensmann i Eid, Vebjørn Moa.

Ei 15 år gammal jente politimelde søndag ei valdtekt i Nordfjordeid sentrum . To menn på 19 år og ein 17-åring vart måndag sikta for seksuell omgang med barn under 16 år.

Alle dei sikta erkjenner å ha hatt seksuell omgang med jenta, men dei vedgår ikkje straffskuld.

Videoopptak frå sentrum

Politiet har sikra seg videoopptak frå ulike stader i Nordfjordeid sentrum som dei no går gjennom. Ifølgje politiet skal hendingane ha skjedd fleire stader i sentrum.

– Vi har gjort ein del avhøyr og held fram med avhøyr av folk som har vore i sentrum då hendingane skal ha skjedd, seier Moa.

– Har de kome fram nye opplysningar i etterforskinga?

– Det har eg ingen kommentar til, seier han.

Omfattande etterforsking

Politiet kan ikkje seie noko om kor tid dei reknar med å vere ferdige med etterforskinga.

– Eg reknar med at dei vil trenge ein god del tid til å gå gjennom tekniske bevis, så det blir nok ikkje noko snarleg avslutning på saka, seier Moa.