Hopp til innhold

Ingen har sett kva som er inne i dette pengeskapet på 50 år - no skal dei opne det

NORDFJORDEID (NRK.no): Eit digert pengeskap frå unionstida har stått urørt i over femti år på ein gammal sorenskrivargard på Nordfjordeid. Sidan 1957 har ingen sett kva skapet inneheld. fredag vert det opna – av historikaren Karsten Alnæs.

Eit digert pengeskap frå unionstida har stått urørt i over femti år på ein gammal sorenskrivargard på Nordfjordeid. Sidan 1957 har ingen sett kva skapet inneheld. fredag vert det opna – av historikaren Karsten Alnæs.

KLARE: Låsesmed Bjørn Austgulen (til venstre) har fått bryne seg på det gamle pengeskapet. Fredag kveld skal innhaldet avslørast. Rune Rotevatn er spent.

Kva kan skjule seg inne i pengeskapet på Leikvin i Eid?

Rune Rotevatn, som bur i huset frå 1790, er spent. Fredag vil dei første lysstrålane på over femti år skine inn i skapet – og ein får svar på kva som skjuler seg bak dei tjukke veggene.

Skapet er eksepsjonelt stort. Det veg nok 700–800 kilo, og med sokkelen av tre er det nok 160 cm høgt. Skapet er bygt for å tole ein brann, seier Rotevatn.

Skapet er pryda med eit våpenskjold i metall frå regjeringstida til Oscar II. Ein finn òg påskrifta «Nordfjords sorenskriveri», og stadnamnet «Kristiania».

– Det at Kristiania blir stava med «k» viser at skapet må stamme frå siste del av unionstida, trur Rotevatn.

Våpenskjold på pengeskap

LØVE: Eit våpenskjold med riksløva prydar framsida av skapet.

Foto: Rune Rotevatn

Sorenskrivaren var den siste med nøkkel

Den siste som hadde tilgang til skapet var Wilhelm Wahr Faret. Han var sorenskrivar på Eid, og budde i huset på Leikvin på 1950-talet. I 1957 forlét han huset for å flytte inn i ei ny og moderne tenestebustad. Sidan har ingen funne nøkkelen til safen.

– Eg har undersøkt med sorenskrivarkontoret på Nordfjordeid, og dei har ikkje funne nokon nøkkel. At desse nøklane skal finnast igjen etter 56 år er lite sannsynleg, seier han.

Den gåtefulle safen har følgt Rotevatn heilt sidan han flytte inn i huset som åtteåring.

– Gjennom heile barndommen, kvar gong eg har gått forbi, har eg tenkt på kva som kan vere inni. Grunnen til at det aldri har vorte opna, er berre fordi far min var så oppteken med å setje i stand huset og halde det ved like.

Rune Rotevatn Leikvin gard

FORNEMT: Pengeskapet står i den gamle sorenskrivargarden på Leikvin i Eid kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK
Pengeskap, Leikvin i Eid

TRYGT: Det er eit solid skap som no skal opnast - bygt for å tole brann.

Foto: Rune Rotevatn

Rotevatn håper at gamle brev kan skjule seg i safen.

– Eg drøymer om at eg skal finne eit brev frå sorenskrivar Wilhelm Wahr Faret, der han ønskjer seg alt godt for huset og dei som skal bu i det i framtida - han forlét jo huset i 1957, og vende aldri attende.

Historikar skal avdekkje innhaldet

I morgon vert det skipa til eit grunnlovsseminar i den gamle skrivargarden. Huset har ei historie som strekkjer seg over 200 år tilbake i tid, og seminaret vil bli ei markering av det komande 200-årsjubileet for grunnlova. Ein av innleiarane er historikaren Karsten Alnæs, som har fått oppdraget med å opne pengeskapet under seminaret.

På telefon til Stockholm i går kveld tilbaud eg han å opne skapet, og eg var aldri i tvil om at han ville vere med på det. Svaret var sjølvsagt ja, så no er han ikkje berre med på å skrive historia – han er òg med på å skape den, seier Rotevatn.

NRK.no overfører opninga av skapet direkte i nett-TV. Du kan også følgje opninga direkte på NRK 1 Vestlandsrevyen fredag klokka 18.45.

NRK.no kjem tilbake med meir når skapet er opna.