Hopp til innhold

Dei har kjempa for DS «Stavenes» i meir enn 20 år - no får dei endeleg løn for strevet

Veteranbåten «Stavenes» kan truleg gå for eiga dampmaskin når den tidlegare fylkesbåten rundar 110 år den 1. september i år. For no kjem pengane som trengst.

Hallstein Ese og Atle Raubotn

GAV ALDRI OPP: To av Stavenes-entusiastane, Hallstein Ese (t.v.) og Atle Raubotn, arbeider dugnad i maskinrommet. På eit bilete nede i artikkelen kan du sjå korleis det same maskinrommet såg ut etter innsatsen deira.

Foto: Øyvin Konglevoll

– «Stavenes» er ein vinnar. Aldri før har eit verneverdig fartøy på Vestlandet fått så mykje pengar på eitt år, seier ein glad Øyvin Konglevoll i Veteranskibslaget Stavenes.

– Det er fantastisk. Det er rett og slett ein siger, når vi tenker på den lange historia til «Stavenes» og alle som har kjempa for båten. Ikkje minst i dei åra då det var ingen andre som brydde seg om båten, og dei som var engasjerte vart sett på som bygdetullingar.

Denne veka vart det kjent at Riksantikvarens fartøyvernavdeling løyver 3.050.000 kroner til restaurering av DS «Stavenes». Det var fungerande leiar i avdelinga, Mari Søbstad Amundsen, som fortalde dette på eit fartøyvernseminar i Florø onsdag.

(Artikkelen held fram under biletet).

Veteranskipet Stavenes

KOM MED LOVNAD: Under Fjordsteam i Bergen kom dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell med sjekk til dampskipet Stord. Men samstundes lova han pengar til Stavenes, og den lovnaden er no oppfylt. Til venstre for Solhjell står riksantikvar Jørn Holme.

Foto: Helge Sunde

Verdsarvmidlar

Storparten av løyvinga, 2,5 millionar kroner, er såkalla verdsarvmidlar, som likestiller «Stavenes» med Hydroferjene på Tinnsjøen, og det er unikt å få av desse midlane, seier Konglevoll.

– Riksantikvar Jørn Holme er personleg veldig oppteken av historia til «Stavenes» i passasjer- og turisttrafikk mellom anna på Nærøyfjorden. Båten har ei formidlingsoppgåve i det området.

(Artikkelen held fram under biletet).

Buss på Stavenes

VAR BILFØRANDE: Dette biletet frå 1939 viser korleis Stavenes fekk med seg bussar mellom Vadheim og Lærdal på den tida.

Foto: Veteranskibslaget Stavenes

For eiga maskin til jubileum

Konglevoll seier at dei vel tre millionane skal brukast til å syte for at «Stavenes» skal kunne gå for eiga maskin den 1. september i år. Då fyller båten 110 år.

– Vi skal sette inn dampmaskinen, og få kjelen og kondensar på plass, kople dette saman og få opp styring. Den 1. september i 1904 vart «Stavenes» levert frå Bergen Mekaniske Verksted til Nordre Bergenhus Amt Dampskibe. Den dagen må markerast.

(Artikkelen held fram under biletet).

Maskinrommet på Stavenes

KLARGJORT FOR MASKINEN: Etter mange dugnadstimar er maskinrommet klart for å ta imot dampmaskinen.

Foto: Øyvin Konglevoll

Hallstein Ese gav aldri opp

Øyvin Konglevoll meiner det er ein mann som har ekstra grunn til å gle seg og til å bli heidra når det no endeleg ser ut til at «Stavenes» blir sett i tipp topp stand. Det er Hallstein Ese.

– Det var ein stor dag for Hallstein onsdag då Mari Søbstad Amundsen stadfesta at tilskotet var i orden. Han gav aldri opp.

For det er sikkert mange andre som ville ha gitt opp etter all motgangen Ese og dei andre entusiastane opplevde. Dei fekk kjøpt båten som låg og forfall i England og fekk slept han over Nordsjøen i 1991.

Restaureringsarbeidet kom i gang, men pengane til arbeidet sat ikkje laust, og i 1993 sokk veteranbåten like godt ved kai i Kaupanger. Men dei fekk heva båten att, og no, over 20 år seinare er det eit sterkt lys i enden av tunnelen.

(Artikkelen held fram under biletet).

DS Stavenes under slep frå England

IKKJE NOKO STOLT SYN: DS «Stavenes» då båten vart slept heim frå England i 1991.

Foto: (tv-innslag) / NRK

25 dugnadsturar i 2013

«Stavenes» ligg no på Dåfjorden Slipp i Fitjar, dette er eitt av to verft som har kompetanse på å restaurere og reparere klinkbygde fartøy. Der kjem dampmaskinen til å bli sett inn, og så kan det hende at den siste delen av arbeidet blir gjort i Bergen.

Synfaring på DS Stavenes 2009

SYNFARING: Medlemmer av Veteranskipslaget Stavenes saman med folk frå Riksantikvaren i 2009.

Foto: Øyvin Konglevoll

Det er rundt 200 medlemmer i Veteranskibslaget Stavenes, men det er ein hard kjerne av entusiastar som står for dugnadsarbeidet på båten. To gonger i veka møtest fire-fem karar for å arbeide med å overhale dampmaskinen. Det skjer i Bergen.

I løpet av 2013 var det 25 dugnadsturar til Dåfjorden, dei fleste entusiastane bur i Bergen og i Sogn.

– Det er ei halv dagsreise opp og ned frå Bergen, så vi har støtta Fjord1 mykje med mange ferjebillettar på gassferja mellom Halhjem og Sandvikvåg, seier Øyvin Konglevoll.