Hopp til innhold

Fylkets største fiskebåt døypt

Laurdag blei fylkets største fiskebåt, «Torbas» døypt. Etter å ha lege fleire månader til utrusting på Stadyard verftet på Raudeberg er båten snart klar for ringnotfiske.

Created by InfoDispatcher

– Dette var ein stor dag, og mange godord å få, seier reiar Angar Lyng.

Saman med broren Tore Lyng eig han båten saman med Kvalsvik reiarlag på Sunnmøre. Vel 20 personar vil vere direkte sysselsette, og jobbe skift om bord i båten som fangstar sild og makrell, og som altså blir den største fiskebåten i Sogn og Fjordane.

– Akkurat det har ikkje vore så viktig, og det seier vel kanskje meir om aktiviteten i fylket. Vi har bygt ein båt som vi meiner er hensiktsmessig.

Rebekka Lyng, Tore Lyng og framme Sara Lyng

DÅPSFEST: Bak gudmor Rebekka Lyng og Tore Lyng. Framme Sara Lyng.

Foto: BJARNE ELDEVIK DEKNEPOLLEN / NRK

Brørne Agnar og Tore Lyng frå Måløy har lagt vekt på at båten skal bli ein stilig og romsleg arbeidsstad.

Alle bekvemlegheiter

– Her har alle eigen kontorpult på lugaren, det er slik i dag at du kan ikkje vere på sjøen utan å ha nett-tilgang, seier Tor Lyng. Vi legg opp til at vi skal gå med ni mann om bord, og har lugarkapasitet til 15.

– Vi har kinosal, fitnessenter og flott fellesrom. I tillegg så er det dusj og toalett og internett og telefon på alle lugarane, supplerer Agnar Lyng.

Mykje tryggleiksutstyr

I tillegg er båten utstyrt med det aller siste som er få av instrumentering, og ikkje minst er det bygt inn mykje nytt tryggleiksutstyr.

– Vi har blant anna ein overbygd bakk som skjerm forskipet for dei store bølgene, ei del slike ting har vi valt å gjere.

Tore og Agnar Lyng

I STYREHUSET: Tore og Agnar Lyng.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Målet no er at båten skal ut på sin første fisketur 20. februar, men først gjennstår det framleis litt testing før dei kan kaste loss.

– Når vi er ferdige med det skal båten gå vest i Atlanterhavet, 400 kilometer vest om Irland. Der er det langt mellom verkstadane så vi må vere bombesikre på at fungerer som det skal før han går her ifrå.