Hopp til innhold

Har 23 millionar til uventa skadar på vegane

Statens vegvesen har fått store utfordringar i fanget med alle vegane som no er øydelagde av flaumen.

Uframkommeleg veg i Fresvikdalen
Foto: Rune Åmot

– Så langt har vi ikkje kunne kome inn i områda som har vore råka av flaumen, seier Nils Magne Slinde, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett av 23 millionar kroner til uventa skadar på vegane. Førebels er det uvisst kva skadeflaumen denne veka kjem til å koste.

– Vi håpar at det skal halde med 23 millionar, men Statens vegvesen har vore klare på dei ikkje har full oversikt enno, seier Arnstein Menes som er leiar i samferdsleutvalet i fylket.

Må vente på vurdering

Måndag ettermiddag og kveld gjekk elvar over heile fylket over sine breidder, noko som har ført til store skadar. Verst har det gått ut over Flåm i Aurland, der 160 personar framleis er evakuerte. 40 husstandar har i dag fått melding om at dei snart kan få flytte heim igjen.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

HAR IKKJE OVERSIKT: Nils Magne Slinde, er avdelingsdirektør i Statens vegvesen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Når det gjeld skadane på fylkesvegen i Flåm har ikkje Statens vegesen oversikt enno.

Vi har fått signal om at det kan vere ein del skader på brufundament, men vassdraga er framleis så store, og vatnet så grumsete, at vi må vente på mindre vassføring før vi får inspisert og gjort ei vurdering, seier Nils Magne Slinde i vegvesenet.

Store skadar

Det Slinde veit sikkert er at det er relativt store skadar på fylkesvegane til Undredal i Aurland, fylkesvegen til Utladalen i Årdal og fylkesvegen i Fresvik i Vik.

– Der er vegane vaska vekk over lengre strekker. Så der blir det full gjenoppbygging.

Slinde seier dei starta reparasjonsarbeidet så fort vêret tillèt det. Så langt har ikkje pengar vore ei spørsmålsstilling.

– Når vi er i fasen med å sikre liv og helse, eller opne vegnettet igjen slik at framkommelegheita blir teken i vare så blir det gjort uansett. Når det gjeld ambisjonsnivået for oppattbygging, til dømes breidde på bruer eller vegar som må gjennoppbyggast, så vil jo det alltid vere ein diskusjon opp mot vegeigar enten der staten eller fylkeskommunen.

Håpar på ekstraløyving

Arnstein Menes

HÅPAR 23 MILLIONAR SKAL HALDE: Arnstein Menes(Sp), er leiar i samferdsleutvalet i fylket.

I samferdsleutvalet seier Menes at dei kjem til å gjere ein framstøyt overfor regjeringa i håp om å kunne få ut ekstraløyvingar, utan at han det heilt store håpet om å nå fram.

– Vi jo prøvd tidlegare, blant anna i samband med Dagmar. Responsen har nok vore dårleg, men vi kjem nok til å gjere eit framstøyt, men eg er usikker på i kva grad vi vil lukkast.