– Det viktigaste no er å få bygd opp igjen tunnelen så fort som mogleg, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).
15. juli
. Ingen vart alvorleg skadde i eksplosjonen og brannen som følgde, som vil koste 38 millionar kroner å reparere. I tillegg kjem kostnadene med ferja som vart sett inn, .– No må folk i Bremanger få attende kvardagen sin, og så må vi sjå kva vi kan få av statleg finansiering.
Forskoterer
Førebels er knytt ein del uvisse til finansieringa, blant anna med omsyn til forsikring. Dermed ligg det an til at det blir fylkeskommunen som i første omgang fullfinansierer reparasjonsarbeidet.
– Ja, skal ein få bygd dette opp igjen så raskt som mogleg, så må vi gjere det på den måten.
– Kva håpar de på når det gjeld spleiselag med staten, samferdsleministeren var jo positiv til å yte noko i alle fall?
– Vårt håp er sjølvsagt at vi skal få dekka så mykje som mogleg, og ein av annan del at dette er jo den store kostnaden det er å ha ei mellombels ferje, seier Kjelsnes.
- Les også:
Så langt tyder alt på at
Investeringsfond
Fleire av medlemane i fylkesutvalet tok måndag til orde for å få etablert eit investeringsfond etter modell av naturskadefondet for å hindre at slike store ulykker vil gå utover fylkeskommunale tilbod som skule og kulturtilbod.
- Les også:
– Det er noko som vi har vore samde om tidlegare i fylke, men då har vi tenkt på ras og flaum som har øydelagt vegar, seier Trude Brosvik (KrF).
Ho meiner dette er særleg viktig i eit grisgrendt fylket som Sogn og Fjordane med store avstandar.
– Det er viktig å no få ei nasjonal ordning for denne typen ulukker og naturhendingar, og den rette plassen for det vil vere i samband med Nasjonal Transportplan, seier Brosvik.