Hopp til innhold

– Dette finn eg meg rett og slett ikkje i, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes tok eit oppgjer med regjeringa Solberg ved opninga av fylkestinget i Førde i dag.

Åshild Kjelsnes

HELDT TALE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes talte til fylkestinget under opninga i dag. Ho er uroa for framtida til Sogn og Fjordane.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Er det dette fylket som skal på skraphaugen? Fordi det ikkje ligg i eit urbant storbyområde og ikkje vert vurdert som robust nok ? Det finn eg meg rett og slett ikkje i, og eg vil slåst for at vi skal ha likeverdige tilbod, sa ho.

Bakgrunnen er at regjeringa vil omfordele pengestraumen mellom fylkeskommunane på ein slik måte at Sogn og Fjordane blir den store taparen. Om fem år skal fylket greie seg med 235 millionar kroner mindre enn i dag.

– Sjokkerer meg

– Eg hevdar bestemt at dette ikkje er mogleg utan ei fullstendig rasering av det fylket vi kjenner i dag, sa Kjelsnes og heldt fram.

– Kommunalministeren derimot påstår at vi årleg har hatt eit overskot på over 300 mill. kroner, noko som gjer at vi vil vere godt i stand til å handtere nedskjeringa.

– Denne påstanden sjokkerer meg. Sjokket vart ikkje mindre då eg opplevde at landets statsminister, frå Stortinget sin talarstol, tok opp att påstanden.

Fylkesordføraren sa at det er rett at det over fleire år har vore snakk om eit nytt inntektssystem, men at dei framlegga som har kome har vore for dramatiske til at dei har vore fremja politisk.

– Frå eg kom inn i fylkestinget for 22 år sidan har eg aldri, eg gjentek ALDRI, vore i nærleiken av ein så alvorleg situasjon for fylket vårt. Eg trur bestemt heller ikkje mine forgjengarar har opplevd tilsvarande.

Høgrebenken på fylkestinget

HØGREBENKEN LYTTA: Frå v. Ole Gunnar Krakhellen, Olin Johanne Henden, Bjørn Hollevik og Noralv Distad.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Nedbygging av distrikts-Norge

Kjelsnes viste til at mange land har misunt Norge for den aktive distriktspolitikken som har vore ført.

– Men no ønskjer statsmakta vår å avslutte dette kapitlet. Den sitjande blå-blå regjeringa si regjeringsplattform har teke vekk omgrepet distriktspolitikk og erstatta det med omgrepet regionalpolitikk.

– Resultatet er nedbygging av det Norge vi kjenner i dag, det Norge eg kjenner og ønskjer å vere ein del av – med levande bygder, pågangsmot og driftige bedrifter i heile landet.

– Hard kamp

Åshild Kjelsnes var og kritisk til utfallet av landbruksoppgjeret og signal om at dei regionale høgskulane skal få trongare vilkår.

Ho varsla at Sogn og Fjordane ikkje kjem til å gje seg utan sverdslag.

– Vi skal vise kva vi er laga av og at AS Norge vi bli fattigare dersom vi ikkje får høve å halde oppe og utvikle våre kvalitetar. Eg er stolt av fylket vårt og eg vil slåst for at vi skal ha likeverdige tilbod.

– Det vert ein hard kamp med nye, urimelege rammer. Men eg vil ikkje sitte i ro og sjå på at mitt kjære - vårt kjære Sogn og Fjordane, sakte men sikkert kan bli eit reservat for spesielt interesserte, slik avslutta fylkesordførar Åshild Kjelsnes talen sin.

– Over streken, meinte Djuvik

I talen sin kom fylkesordføraren også med spark til representantar for regjeringspartia i fylket.

– Eg tykkjer de burde halde dykk for gode til å dekke til sanninga med påstandar om sutring og ned-snakking av fylket sine verdiar, kvalitetar og reelle behov.

Og utan at namnet Frank Willy Djuvik vart nemnt var ingen i tvil om adressa då Kjelsnes sa:

– Eit døme er Frp si avleiingsmanøver med statistikk, som syner Sogn og Fjordane som den store inntektsvinnaren. Manøveren høyrer heime der Firda-journalisten så presist plasserer den: I Bortforklaringsdepartementet.

Dette fekk fleire i salen til å reagere. Frank Willy Djuvik (Frp) meinte at det var over den streken som elles bør få fylkesordføraren til å bruke klubba.

Frank Willy Djuvik

SMIL FØR TALEN TIL FYLKESORDFØRAREN. Frank Willy Djuvik smilte ikkje like breitt etter talen til fylkesordføraren.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Ikkje fiende av Sogn og Fjordane

Partifellen hans, Rita Navarsete, meiner fiendebiletet som er skapt av regjeringa er sterkt misvisande.

– Enkelte politiske parti og media famstiller regjeringa som ein fiende av Sogn og Fjordane. Men vi viet at det ikkje er sant. Regjeringa har gått inn med opp mot 150 millionar kroner i skatte- og avgiftslette til bedrifter og innbyggjarar i sogn og Fjordane.

Ho nemnde også at Sogn og Fjordane no er eit bomvegfritt fylke, løyving sist haust til Olden-Innvik, og at barne- og likestillingsministeren har stansa nedlegginga av Barne- og familiesenteret i Førde.

Også Noralv Distad (H) meinte Kjelsnes gjekk for langt i sin tale.

– Det som skulle vere fylkesordføraren sin tale vart meir arbeidarpartipolitikaren Åshild Kjelsnes sin tale. Talen var prega av tungsinn og mørke tankar. Ho burde ha kosta på segå nemne dagens gladnyheit, at det er felrital i Strotinget for ei ferjeavløysingsordning som kan få mykje å seie for Sogn og Fjordane.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Fylkestinget 11. juni» i nytt vindu