Hopp til innhold

Furebotn takka nei til Sverige

Henrik Furebotn (26) har takka nei til ein svensk toppserieklubb. Trass i at interessa rundt han ikkje har vore allverda så langt.

Henrik Furebotn
Foto: Arve Uglum / NRK

- Eg fekk eit cirkatilbod av dei og tilbod om å kome ned og sjå på forholda, men eg ringte litt rundt og fann ut at det ikkje var noko som tende meg der og då.

- Kva var det som var feil?

- Altså, det var ein Allsvenskan-klubb, men ein liten ein. Sveriges svar på Sogndal, liksom. Berre med dårlegare fasilitetar og anlegg, seier Henrik Furebotn.

Eventyrlysten

For det er det viktigaste for han no: At han kjem til noko anna enn Sogndal. Etter eit særdeles trygt fotballiv med oppvekst i Jotun før overgangen til naboklubben Sogndal er 26-åringen komen til eit vegskille.

- Eg kunne fornya kontrakten med Sogndal og sikkert fått det fint. Men den dagen eg legg opp vil eg ikkje sitte der og angre på at eg aldri prøvde noko anna. Eg kjende dei fleste i Sogndal då eg kom hit, no vil eg kome til ein ny plass og etablere meg frå null av. Det handlar om å utvikle seg sjølv, seier Furebotn.

Sogndal seier

BÆREBJELKE: Furebotn har saman med Ulrik Flo vore blant bærebjelkene i Sogndal. No vil han prøve noko nytt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Scanpix / NTB scanpix

Lite interesse

Problemet er at trass i ein god siste sesong og status som best på bana i avslutningskampen mot Brann, så har den store interessa uteblitt. Koblingane til Aalesund var sterke heile hausten, men då trenar Kjetil Rekdal fekk sparken stilna det frå den kanten.

- Me var ikkje komne så langt at me diskuterte kontrakt og slikt, men dei var interesserte. Men når ein klubb ikkje har trenar kan dei ikkje hente inn spelarar. Det forstår eg. Men skal eg vera heilt ærleg hadde eg trudd eg skulle finne meg ein ny klubb før jul. Slik ser det ikkje ut no.

Ferietid uansett

Desember er uansett ferietid for ein eliteseriespelar, så han har ikkje merka den store overgangen så langt. Bortsett frå at han trenar meir no enn han gjorde på same tid i fjor.

- Eg må jo vere klar dersom eg får tre dagar på meg til å overtyde i ein klubb.
No har han sagt opp leilegheita i Sogndal og er berre innom for å besøke kjærasten som er heime på ferie. Elles bur han hjå foreldra i Årdal og er klar til å reagere på kort varsel.

Ingen reserveplan

Per i dag har han eit par klubbar som kan vere interesserte og to representantar som marknadsfører han for aktuelle klubbar. Men det er tøft i ei tid då dei fleste klubbar sankar plassane, og alle ser ut til å vera godt forspent med sentrale midtbanespelarar.

- Eg har ingen reserveplan. Det er dette som er plan a, b og c. Alt i eitt. Men eg har sett meg ein deadline ved utgangen av januar. Eg må få med meg sesongoppkøyringa med ein klubb, og det er begrensa kor lenge det er moro å trene åleine, seier Furebotn.