Hopp til innhold

Funnen skuldig i mordbrannforsøk

34-åringen frå Sunnmøre fekk ikkje med seg naboane på fest. No er han dømd til fengsel i 2 år og fem månader for å ha tent på hytta deira på Stryn camping.

Stryn Camping

TOK FYR: Ei hytte ved Stryn camping vart påtent i juni i 2012. Illustrasjonsfoto.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Gulating lagmannsrett stadfester dermed dommen frå Fjordane tingrett, skriv Bergens Tidende.

Mannen var forbanna på naboane på Stryn Camping, og tende på hytta der sju personar låg og sov. Til alt hell vakna ein av bebuarane, og det gjekk ikkje liv tapt.

Sette fyr på hytta med eingongsgrill

Det var 05-tida på morgonen 3. juni i 2012 at sunnmøringen, som var saman med ein kamerat, dei to sette fyr på papir som var lagt i ein brukt eingongsgrill. Grillen var deretter plassert innunder campinghytta.

– Det var stor fare for tap av menneskeliv, sa statsadvokat i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, Magne Nyborg, til NRK då tiltalen etter den såkalla mordbrannparagrafen vart tatt ut.

34-åringen vart i Fjordane tingrett i slutten av mai i fjor, funnen skuldig etter tiltalen, men anka til Gulating lagmannsrett.

Ville feste med naboane

Ifølgje dommen lagmannsretten hadde 34-åringen, saman med ein kamerat, leigd seg hytte for helga. Dei to hadde drukke tett då dei kom tilbake til campingplassen om natta, skriv BT.

34-åringen meinte at festen ikkje var over, og freista å personane i nabohytta med på nachspiel. Dette var dei ikkje interesserte i, fleire var alt gått til sengs. Kameraten måtte til slutt dra mannen ut av nabohytta.

34-åringen ville deretter hemne seg på naboane, men kameraten fekk han frå det, og gjekk deretter til sengs, skriv avisa frå dommen.

Mens kamaraten sov, tende 34-åringen på nabobytta.

Gulating lagmannsrett finn at sunnmøringen har gjort seg skuldig i mordbrannforsøk, men at han ikkje ønskte å sjå nokon død. Eitt år og seks månader av straffa blir gitt på vilkår med prøvetid. Kameraten er, som i tingretten, frifunnen for medverknad.