Hopp til innhold

Full utrykking etter automatisk alarm i tunnel

Naudetatane rykte fredag ettermiddag ut til Gudvangatunnelen på E16 i Aurland etter ein automatisk alarm om at eit brannsløkkingsapparat var fjerna.

Gudvangatunnelen

Når brannsløkkingsapparat blir fjerna i tunnelane går alarmen automatisk hos både Alarmsentralen og Vegtrafikksentralen. Tunnelen blir automatisk stengd med raude blinkande lys utanfor.

Både Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen vart fredag ettermiddag stengde etter at alarmen gjekk i Gudvangatunnelen, opplyste vakthavande ved Alarmsentralen til NRK.no litt før klokka 13.

Ifølgje vakthavande ved Vegtrafikksentralen kom meldinga om at apparatet var fjerna frå eit skap 2,5 kilometer frå Gudvangen-sida.

På to år har det vore to dramatiske brannar i Gudvangatunnelen. Seinast i sommar brann ein turistbuss i tunnelen, medan det for to år sidan byrja brenne i ein utanlandsk semitrailer.

Operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier dei ikkje tek nokon sjansar når dei får slike meldingar, og at alle naudetatane vart varsla og rykte ut.

– Brannvesenet har vore inn i tunnelen og sjekka dette ut. Det er ein teknisk feil som er årsaka, seier Solvåg til NRK.no klokka 13.15.