Hopp til innhold

Full krangel om kva som er årsaka til at kjend TV-båt heldt på å gå ned

Bustyrar Halvor Thurn-Basberg meiner det er sabotasje som er årsaka til at båten «Fjord Visjon» søndag hadde teke inn store mengder vatn ved kai i Fardal. Det er ikkje advokaten til Mads Bækkelund samd i.

Fjord Visjon ligg til kai med lekkasje

SABOTASJE? Bustyraren har mistanke om at nokon utførte skadeverk, slik at «Fjord Visjon» tok inn vatn.

Foto: Jakob Aleksandersen

Søndag hadde båten, som er mest kjend frå TV-seriane «Oppdrag Sognefjorden» og «Oppdrag Nord-Norge» slagside. Vatnet stod halvannan meter høgt i maskinrommet då Thurn-Basberg kom dit.

Han hadde sjølv vore om bord i båten laurdag, og då var alt i orden.

– Eg var saman med tre andre personar og flytta ut bederva mat frå frysar og kjøleskåp. Då såg vi ingen lekkasje. Så det var veldig påfallande då det kom varsel eit halvt døgn seinare om at båten låg med slagside, og at diesel hadde leke ut.

– Påfallande

Thurn-Basberg køyrde til Fardal då han vart varsla om slagsida, han gjekk ned i maskinrommet og såg at vatnet fossa inn.

– Det er så påfallande at ein slik lekkasje kunne oppstå av seg sjølv. Min mistanke var umiddelbart at her måtte det føreligge sabotasje. Eg har seinare fått stadfesta at vatnet kom inn gjennom ein slange som hadde gått i stykker.

basehopp

EVENTYR: Båten Fjord Visjon var base då deltakarane på Oppdrag Sognefjorden fekk oppleve Sognefjorden i kombinasjon med forskjellige sportslege stunt, som hangliding og toppturar på ski.

Foto: Sindre Kinnerød / Flash studio / NRK

Han fekk varsla selskapet som hadde ansvaret for å flytte «Fjord Visjon» til Fardal, og i tillegg politi og brannvesenet. No melder han saka til politiet.

– Eg har fått høyre at det har vore observert folk om bord i båten og som ikkje hadde noko å gjere ei tid før lekkasjen vart oppdaga, og eg har mistanke om at nokon har skore sund slangen. Men eg vil presisere at eg ikkje rettar mistanke mot nokon bestemt person.

«Fjord Visjon» vart kjend over heile landet etter TV-seriane «Oppdrag Sognefjorden» og «Oppdrag Nord-Norge». Skipper og eigar Mads Bækkelund vart like kjend.

Mads Bækkelund

SKULDAR BUSTYRET: Mads Bækkelund meiner bustyret har ansvaret for lekkasjen.

Foto: privat

Men dei siste åra har ikkje drifta av båten gått bra økonomisk. Bækkelund har eitt selskap som eig båten og eitt som står for drifta. I august vart det opna konkurs i begge selskapa, og Sogn tingrett peika ut eit bustyre med Halvor Thurn-Basberg som bustyrar.

– Oppgåva til bustyret er å rydde opp i selskap som av ulike grunnar ikkje lenger har livets rett, seier han.

– Astronomisk krav

«Fjord Visjon» har ei tid lege ved kai i Aurland. Bustyret hadde ein avtale med eigaren av kaia om at den kunne ligge der vederlagsfritt. Men så kom det brått eit krav om at dei måtte betale 3000 kroner døgnet i leige pluss 1000 kroner døgnet for tilsyn.

– Eit slikt astronomisk krav kunne vi ikkje betale. Vi har gått med på å betale eit rimeleg vederlag til kaieigaren.

Ein annan grunn til at båten ikkje kunne bli liggande var mistanke om at ein eller fleire personar overnatta i båten, seier bustyraren. Det var observert lys i båten på kveldstid.

Difor vart båten nyleg flytta frå Aurland til Fardal. Mads Bækkelund skriv i ein e-post at det er denne flyttinga som er årsaka til at båten tok til å ta inn vatn. No vil Bækkelund sette fram eit krav om rundt 15 millionar kroner i erstatning, og han seier at han vil melde saka til Økokrim.

fjord vision

KJENDISBÅT: «Fjord Visjon» vart brukt under tv-serien «Oppdrag Sognefjorden».

Foto: Flash Studio / NRK

– Ventilar som ikkje er stengde

Louis Anda er advokaten til Bækkelund.

– Klienten min seier at på eldre båtar er det ventilar som må stengjast i samband med kjølevatn og så vidare etter at båten er blitt brukt og så fortøyd. Hans tanke er at det er ventilar som ikkje er stengde, og at båten difor har teke inn vatn.

– Det som er heilt sikkert er at min klient seier bastant at han ikkje har noko med sabotasje eller skadeverk mot båten å gjere medan den har lege i Fardal, seier Anda.

– Brukte same kaptein som Bækkelund

I e-posten skriv Bækkelund at bustyret ikkje brukte sertifisert mannskap under flyttinga. Dette blir avvist av Thurn-Basberg.

– Det var kaptein Leif Finden som har eit høgare sertifikat enn det som trengst for å føre båten i tillegg til ein matros og ein maskinpassar, begge med høgare kompetanse enn det som krevst.

– Alvorleg realitetsbrist

Halvor Thurn-Basberg er fortørna over skuldingane som kjem mot bustyret og mot DNB.

– Når Bækkelund no skuldar både bustyrar og panthavar for tjuveri av båten og krev erstatning på 15 millionar kroner for ein båt som han ikkje greidde å drive med overskot og som nyleg vart verdsett til berre rundt ein million, så må eg ta til motmæle.

– Skuldingane som Bækkelund no kjem med har ikkje rot i verkelegheita og syner ein alvorleg realitetsbrist hjå han. Bækkelund er kjend med at det berre er bustyret som disponerer båten.

Anke til Høgsterett

Advokat Louis Anda og Mads Bækkelund har anka til Høgsterett og krev å få att retten til å disponere «Fjord Visjon».

– Klienten min har engasjert meg for å hjelpe han med å få båten tilbake til selskapet han har, slik at den kan gå innatt i drifta med å frakte kjendisar og medlemmer av kongehuset, slik at det kan filmast og visast mellom anna på NRK og gle oss alle, seier Anda.