Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er er sterktt usamde i etterkant av årets jordbruksoppgjer.
– Bondelaget legitimerer den blå politikken som medfører rasering av småskalalandbruket i distrikta, seier Oddvar Vigdenes, som sit i toppleiinga i Småbrukarlaget.
Medan Småbrukarlaget braut forhandlingane, valde Bondelaget å inngå ein avtale med staten i årets jordbruksoppgjer.
Avtalen som hadde ei økonomisk ramme på 400 millionar kroner skal sikre bøndene ein inntektsvekst på 13.000 kroner per årsverk. Dette er ein gjennomsnittsvekst som dei minste gardbrukarane vil sjå veldig lite av, meiner Vigdenes.
– Dette er dårleg gjort
Men leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, slår tilbake og meiner at småbrukarlaget er på ville vegar.
– Det styrkar i alle fall ikkje landbruket som forhandlingspart at småbrukarlaget byrjar å skyte på bondelaget. Det synest eg er dårleg gjort, rett og slett, seier Felde.
Dei samla årlege statlege overføringane til norsk landbruk ligg på i underkant av 12,5 milliardar kroner, overføringar som har vore heilt avgjerande for at det kan drivast landbruket over heile landet.
I fjor vart det derimot gjort strukturelle grep frå den regjeringa si side, grep som slår positivt ut for storbøndene, medan småbrukarane får ein mindre del av kaka.
– For dårleg lønsemd
Dei strukturelle grepa står fast også etter årets jordbruksavtale, noko som ifølgje Vigdenes på sikt vil knekke småbøndene.
– Lønsemda er på grensa til å vere null, medan det er ein kraftig inntektsauke for dei store produksjonane. Det kan ikkje tilbakevisast, det er berre å lese dokumenta.
– Men burde ikkje bondeorganisasjonane klare å stå samla?
– Det beste hadde vore å stå samla ut frå den politiske situasjonen i Stortinget. Med dei signala som har kome frå opposisjonen, så hadde det vore ei interessant sak i år å sett på kva grep dei ville gjort for å betre situasjonen, seier Oddvar Vigdenes.
– Ikkje råd til å vere prinsipiell
Anders Felde i bondelaget vedgår at årets jordbruksavtale var skuffande, men seier det ville gjeve bøndene endå mindre å rutte med dersom Bondelaget hadde følgt Småbrukarlaget si line og brote forhandlingane.
– Vi er samde i at det er ein dårleg avtale, det er ein del ting vi ikkje fekk endra. Eg lever av mi inntekt kvar dag, og eg kan gjerne vere prinsipiell som bonde. Men i lengda kan det koste meg så mykje pengar at eg ikkje har råd til å vere prinsipiell lenger. slår Felde fast.