Hopp til innhold

Vart vitne på kamp på liv og død

Skjæra skreik alt ho kunne for livet. Helen Ripe Lemoen trudde det var kattar som slost. Hauken vann.

Fuglekamp i hagen

RÅSKAP: Hauken vann over skjæra då han skulle ha mat. Men ho gav seg ikkje utan kamp.

Foto: Helen Ripe Lemoen

– Eg trudde det var kattar som slost rett utanfor inngangsdøra. Så eg var på veg ut for å jage dei vekk for dei heldt slikt spetakkel.

Ho hadde høyrt på skriket frå eit dyr og trudde det var to kattar som hadde barka saman. Då ho skulle til å opne døra såg ho gjennom eit vindauge at det slett ikkje var kattar, men fuglar som slost.

Heldt på i meir enn 8 minutt

– Eg kraup opp på kjøkkendisken og såg kampen rett utanfor vindauget. Eg fann fram kamera og filma dei to. Men då var skjæra allereie daud, seier Ripe Lemoen.

Helen Ripe Lemoen bur landleg på Vassenden i Jølster. Dagleg går ho turar i skogen rett utanfor stovedøra, og møter tidt og ofte skogens dyr på sin veg. Men noko slikt som dagen dødsdrama har ho ikkje opplevd før.

– Nei, eg ser mykje flotte dyr på turane mine, men slik kamp er det vel berre katt og mus eg har sett gjere før, seier Ripe Lemoen.

– Hauken tok til slutt skjæra i nebbet og fauk vekk.

Råskapen i dyreverda

Ho veit ikkje om det er spurvehauk eller hønsehauk som har vore på ferde.

– Eg er ikkje sikker kva type hauk det var. Men den var nesten like stor som skjæra.

Ripe Lemoen er rysta over kor rå dyreverda er.

– Hauken nappa ut fjørene på skjæra medan ho levde. Det er ganske brutalt. Det har vore eit skjærepar som har bygt reir på tunet, så det er nok ei av dei som er åleine no.