Hopp til innhold

Trur den sakna guten er omkomen

Den sakna guten som fall i Videelva i Stryn, er ikkje funnen. Politiet trur no at guten er omkomen.

Leitemannskap

LEITAR: Store ressursar er sett inn etter leitinga av den unge guten.

Foto: Arne Vik / NRK

- Vi har ikkje funnen den sakna. Klokka 22.51 vart redningsaksjonen avslutta. Vi kjem til å starte att i morgon klokka 07.00, seier operasjonsleiar Kjetil Drange ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ein trur ikkje det lenger er moglegeit for å finne guten i live.

- Vi startar då eit søk etter ein antatt omkomen person, seier Drange.

Har oppretta kriseteam

Politiet ønskjer ikkje å gå ut med alderen på guten, då det kan vere bekjente i området. Det er iverksett tiltak for ta vare på familien til guten.

- Kriseteamet til kommunen er etablert, og prest har vore til stades for familien. Dei har også eit vennepar som er med dei, seier Drange.

– Tidlegare på kvelden vart det gjort funn av ein genser som er stadfesta høyrer til guten. Funnet var gjort om lag 200 meter nedanfor der guten skal ha falle i elva, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide til NRK.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 16.20. Store leitemannskap leitar etter den unge guten.

– Guten er frå Nederland, og har feriert i området nokre dagar, seier Vereide.

Var saman med mora og broren

Politiet ønskjer ikkje å gå ut med alder på guten endå.

– Han skal ha vore i området saman med broren sin, og mora skal også ha vore i nærleiken, seier Vereide.

Guten skal ikkje ha falle i elva på utsiktspunktet, men om lag 600-700 meter over Videseter Hotell.

Søkjeforholda er krevjande grunna stri straum i elva. Det er ulendt terreng i området.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leitar med Sea King

FALL: Den nederlandske guten skal ha ramla frå svaberget øvst i elva. Til venstre Sea King-helikopteret frå 330-skvadronen som var med i søket.

Foto: Arne Vik / NRK

Stengde fylkesveg 258

Vegtrafikksentralen opplyser at gamle Strynefjellsvegen, fylkesveg 258, mellombels er stengd grunna redningsarbeidet.

Eit tjuetals personar frå Røde Kors hjelpekorps, dykkarar frå brannvesenet i Ålesund, samt politi, brannmannskap og ambulansepersonell har vore på staden for å leite.

Sea King-helikopteret frå 330-skvadronen i Florø og ambulansehelikopteret frå Førde var også med på leitinga.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Leiteaksjon på Videseter. Foto/redigering: Arne Vik

Fekk først feil posisjon

Politiet fekk først melding om at ein person hadde ramla i ei elv klokka 16.20. Men denne meldinga gjekk ut på at hendinga hadde skjedd på Grotli.

– Eit kvarter etterpå fekk vi kontrabeskjed, og melding om at ulykka hadde skjedd på Videseter. Turistane som melde i frå, var vel ikkje heilt sikre på kvar dei var, seier Vereide.

Dermed mista redningsmannskapa verdfulle minutt.

No er folk frå politi, brannvesen og ambulanse på staden, og har sett i gang søk.

Søkjet har gått føre seg i Videelva, om lag ein kilometer ovanfor Videseter Hotell. Det er ikkje sagt kor turisten skal ha falle i elva.

Vitne på staden fortel at det vert søkt i eit vidt område i elva.

(Artikkelen held fram under kartet)

Leitemannskap Videseter

LEITAR FOR FULLT: Mannskap frå Røde Kors hjeplekorps bidreg i leitinga etter den utanlandske turisten som har falle i Videelva.

Foto: Arne Vik / NRK

Mange turistar i området

Det er førebels uvisst korleis ulykka har skjedd.

– Vi kjenner ikkje noko til hendingsforløpet, seier Vereide.

Videdalen er eit dalføre i Stryn kommune, der Stryneelva kjem ned frå Strynefjellet.

I dalføret ligg også Stryn sommarskisenter og Videseter hotell. Området er populært for turistar. Mellom anna er det eit utsiktspunkt på Videfossen som er hyppig nytta av turistar.

Leitemannskap

STORE RESSURSAR: Eit tjuetals personar har vore med i søket etter den sakna guten.

Foto: Arne Vik / NRK