Hopp til innhold

Fryktar kvardagen utan båtambulanse

I dag blir det avgjort om ambulansebåten i Askvoll blir lagt ned. Det skaper uro for folk på øyane.

Ambulansebåt Askvoll

MINDRE BRUKT: Ambulansebåten i Askvoll har gått frå å ha 1509 oppdrag i året i 1997, til å ha 285 i 2015.

– Eg trur det å legge ned ambulansebåten vil vere ei dårleg løysing. Det blir ikkje trygt for oss som bur her, seier Hugrun Fedøy.

Ambulansestrukturen i Askvoll skal avgjerast på eit styremøte i Helse Førde i føremiddag.

Styret skal ta stilling til både om bilambulansane i Fjaler og Askvoll skal samlast i éin felles ambulansestasjon i Dale, og kva som skal skje med ambulansebåtane i området.

Ambulansebåt Askvoll

MINDRE BRUKT: Ambulansebåten i Askvoll har gått frå å ha 1509 oppdrag i året i 1997, til å ha 285 i 2015.

For båtane har administrerande direktør Jon Bolstad skissert to alternativ.

Primært ønskjer han at båtambulansetilbodet for kysten av Sogn og Sunnfjord skal lysast ut på anbod med ein båt i Solund og kjøp av Taxibåttenester i Askvoll.

Eit anna alternativ er at det vert lyst ut anbod for båtambulansedrifta i området med ein båt i Solund og ein samfunnsbåt (brukt som ambulanse) i Askvoll.

Blir valet ein ambulansebåt i Solund, blir sørvisfarten auka frå 25 til 35 knop, og aktiveringstida vert redusert frå dagens 25 minuttar til 10 minuttar, ifølge Helse Førde.

Fedøy er ikkje imponert over dei alternativa styret skal vurdere.

– Eg likar dei ikkje, eg vil ha det slik som i dag. Då dei la ned legevakta i Askvoll vart det sagt at ambulansebåten skulle få bestå, men no går dei tilbake på det. Eg vil ikkje føle meg trygg med dei alternativa som er føreslått.

– Avhengig

Frank Hatlø jobbar som frivillig ambulansearbeidar i Askvoll kommune. Han trur det er vintermånadane som blir det store problemet dersom ambulansebåten forsvinn.

Frank Hatlø

VINTER: Frank Hatlø meiner det er vintermånadane med dårleg vêr som kjem til å bli det store problemet dersom Askvoll ikkje får behalde ein eigen ambulansebåt.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– I dårleg vêr vil ein raskare båt i Solund ikkje vere raskare for oss, snarare tvert om. Det er heilt garantert, og noko alle veit som bur og har reist langs kysten her.

Hatlø trur heller ikkje helikopter er ei god løysing på Bulandet og Værlandet.

– Eg har opplevd fleire gonger å sitte i ambulanse med ein pasient og vente på eit helikopter, som så snur før det er framme. Då er ein avhengig av båten, og den bør kome så raskt som råd.

– Dugnad

Kysten av Sogn og Sunnfjord har i mange år hatt fallande aktivitet og stadig færre ambulanseoppdrag for båt. I 1997 hadde båtambulansen 1 509 oppdrag i området, medan talet var 285 i 2015. Daniel Fedøy, fortel at ein kvardag utan ambulansebåt vil gjere innbyggarane svært utrygge.

Daniel Fedøy

UTRYGT: Daniel Fedøy fortel at det vil følast endå meir utrygt å bu på Bulandet og Værlandet utan Ambulansebåt.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

– Allereie i dag vert mykje helsearbeidet her ute gjort på dugnad. No verkar det som vi skal måtte frakte pasientar til Førde på dugnad og. Då vil vi føle oss endå meir utrygge enn i dag, og vi føler vi fortener eit betre tilbod enn det.