Hopp til innhold

Fryktar ulukker med gamle og utdaterte redningshelikopter

Bruken av Forsvaret sine gamle redningshelikopter bør avgrensast – før det skjer ei ulukke, meiner redningsinspektør Stein Solberg ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Sea King

UTDATERT: Motorhavari og delemangel set dei over 40 år gamle maskinene stadig på bakken.

Foto: Jon Vaag Eikeland / Forsvaret

I dag er om lag halvparten av oppdraga til dei gamle Sea King-maskinene reine ambulanseoppdrag, samstundes set motorhavari og delemangel dei over 40 år gamle maskinene stadig på bakken.

– Kanskje det hadde vore lurt å skaffe fleire luftambulansehelikopter for å ta det behovet som er innafor helsetenesta, seier Solberg.

Fiskarar i havsnaud

Stein Solberg, Hovedredningssentralen Sør-Norge

FRYKTAR ULUKKER: Redningsinspektør Stein Solberg ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge meiner bruken av Sea King-en bør avgrensast.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Då to fiskarar var i havsnaud utanfor Sogn og Fjordane, måtte nok ein gong Hovudredningssentralen innsjå at dei ikkje får hjelp frå det 42 år gamle redningshelikopteret.

Helikopteret var med i søket, men fekk tekniske problem og måtte lande i Florø. Der blei den ståande, noko som gjorde at det ikkje var redningshelikopter mellom Florø og Rygge.

Mange timar utan helikopter

I kveldens Brennpunkt-dokumentar på NRK1 kjem det fram at dei seks redningsbasane i Norge i fjor hadde til saman 847 timer utan flygedyktig helikopter på basane.

I tillegg kjem periodar med redusert beredskap. No tek redningsleiar Stein Solberg til orde for å avgrense bruken av dei gamle redningshelikoptera. I dag er kring 50 prosent av oppdraga vanleg luftambulanse.

– Ved å skaffe fleire luftambulansar, kunne vi spart på Sea King-en og i alle fall laga moglegheita større for at det ikkje går på ein smell dei siste åra, seier Stein Solberg.

Krevjande å halde i lufta

Svein Tore Pettersen i 330

TIDKREVJANDE: Svein Tore Pettersen som er sjef for 330-skvadronen, seier det tek mykje tid å skru på gamle maskinar.

Foto: NRK

Verst er stoda på basen i Florø, som ikkje har reservemaskin. Her har ein enkelte veker hatt over 40 timar utan helikopter i drift.

– Det byrjar å bli gammalt og krevjande å halde helikopteret i lufta, sa Svein Tore Pettersen, sjef for Forsvaret sin 330-skvadron, i eit intervju med NRK allereie i 2011

Og 330-skvadronen sine årsrapportar talar sitt klare språk. For kvart år aukar vedlikehaldskostnadene på dei gamle Sea King-maskinene.

– Den største utfordringa i dag er deleleveransen, og det faktum at det tek mykje tid å skru på så gamle maskinar, seier Pettersen.

– Eit skrekkscenario

Etter 25 år og fem lange utgreiingar, den siste til 100 millionar kroner, har regjeringa tinga 16 nye redningshelikopter. Dei gamle må likevel gjere jobben til 2020.

I redningsaksjonen utanfor Solund hadde truleg ikkje redningshelikopter spelt noko stor rolle. Men frykta for framtid svikt, er der.

– Får vi samanfall av fleire ting, som at det er berre den ressursen tilgjengeleg, men så var den ikkje det likevel. Det er skrekkscenarioet, men bank i bordet, så har vi ikkje vore der. Og vi ønskjer ikkje komme dit heller, seier Stein Solberg.

Heile historia om kvifor Norge må fly Sea King i 50 år, får du i kveldens Brennpunkt på NRK1 klokka 21:35. Du kan også sjå programmet i nett-TV.

330-skvadronen i Florø

TIMAR UTAN DRIFT: Verst er stoda på basen i Florø, som ikkje har reservemaskin. Her har ein enkelte veker hatt over 40 timar utan helikopter i drift.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK