Hopp til innhold

I fjor drap jerven minst 300 sauar og lam - no fryktar dei ny marerittsommar

I fjor drap jerven minst 300 sauar og lam berre i Sogn. No fryktar bøndene ein ny marerittsommar, og krev at det straks vert sett i gang jakt på dei resterande jervane her i fylket.

Arne Bjørk og Einar Fortun

KRITISK: Arne Bjørk (t.v.) er svært kritisk til at styresmaktene ikkje vil felle fleire jervar. T.h. tidlegare fjelloppsynsmann Einar Fortun.

Foto: Arkiv / NRK

Seinast denne veka har det vore gjort to observasjonar av det som mest truleg er to ulike jervar inst i Jostedalen i Luster. Totalt meiner bøndene at det er minst seks jervar i Sogn og Fjordane.

Rovviltkontakt for sankelaget i dalen, Arne Bjørk, er rasande på Miljødirektoratet. Han meiner at dei bryt Stortinget sitt rovdyrforlik når dei ikkje vil ta ut fleire jervar frå fjellområda i Sogn og Fjordane.

– Vi erfarer jo at rovviltforliket ikkje er verdt papiret det er skrive på, slik direktoratet handhevar det. Det er veldig frustrerande. Vi føler at byråkratane i direktoratet sit og overprøver eit samrøystes Storting, men også rovviltnemnda for vår region. Stortinget har vedteke at det ikkje skal vere rovdyr her i området som utgjer potensiell fare for beitedyr, seier Bjørk til NRK.

Fryktar marerittsommar

Han fryktar no at årets beitesesong kjem til å bli svært vanskeleg for sauebøndene, og syner til at mange dyr vart tekne av jerv i fjor.

– Streifdyr lyt vi leve med, men kjende førekomstar av jerv her i området rett før beitesesongen er uakseptabelt. Med så mange jerv i området no, så kan det fort bli ein marerittsommar. Det er ikkje særleg motiverande for dei som skal drive med sau at rovdyrforvaltninga blir driven slik av direktoratet, meiner Bjørk.

Med så mange jerv i området no, så kan det fort bli ein marerittsommar

Arne Bjørk
Jerv

UPOPULÆR: Sauebøndene i mellom anna Luster, er svært kritisk til at styresmaktene ikkje vil jakte ut fleire av jervane som finst her i fylket.

Foto: BBC

Avviser kritikken frå bøndene

Susanne Hansen, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, avviser at dei på noko vis bryt med det Stortinget har vedteke om fordeling av rovdyr i dei ulike rovdyrområda i Norge.

– Vi som sit i forvaltninga er godt kjende med rovdyrforliket frå Stortinget og vi prøver å følgje dette opp på ein god måte. Vi får retningslinjer frå departementet som vi skal følgje ut frå dei diskusjonane som vert gjort politisk, seier Hansen til kritikken frå Bjørk i sankelaget.

Vurderer ny jakt

Ho peikar på at dei har gjeve ekstraordinært løyve til felling av to jervar, og at Statens Naturoppsyn skaut ei jervetispe på Hafslo i førre veke.

– No er denne jakta avslutta, så vurderer vi å setje i gang igjen ut frå dei tilbakemeldingane vi får frå Statens Naturoppsyn, samt dei tips og observasjonar lokalbefolkninga og andre kjem med til dei, seier Hansen.

Forstår at det er problematisk

I fjor sommar var det særleg bøndene i Sogndal og Fjærland som blei råka av jerven sine herjingar. 17 kadaver blei stadfesta drepne av jerv, medan det blei utbetalt erstatning for nær 300 dyr som mest truleg er tekne av jerv.

– Vi har full forståing for at det er problematisk for sauebøndene i dette området. Det er også det som er bakgrunnen for at vi gjer fortløpande vurderingar av uttak av jerv no framover, seier ho til NRK.