Hopp til innhold

Fryktar jerven tek mykje sau

Bøndene i indre Sogn fryktar store tap av beitedyr i sommar fordi ein hittil ikkje har klart å skyte nokon av jervane som det var gjeve fellingsløyve på.

Jerv

MANGE JERVAR PÅ JAKT: Blir det ikkje felt jervar før beitesesongen kan talet på jervar i indre Sogn bli høgt.

Foto: Pete Cairns/BBC

Leiar for sankelaga i Luster, Arne Rebni Øvreås, meiner situasjonen kan bli svært alvorleg.

– Det blir dramatisk. Vi har jo sett at dei dagane det er mogeleg å kome seg til fjells så er det sporobservasjonar etter jerv, fleire spor.

Sau drepen av jerv i Luster

RESULTATET: Ein sau i Luster som er teken av jerv.

Foto: Statens Naturoppsyn

I alt seks fellingsløyve

Direktoratet for Naturforvaltning i Trondheim har dei siste vekene gjeve to ekstraordinære løyve til jervejakt i fjellområda mellom Strynefjellet og Sognefjorden. Desse kjem i tillegg til dei fire dyra som skulle vore tekne ut gjennom lisensjakt.

Men ingen jervar har blitt skotne. Dårleg ver og dårleg sporsnø har gjort jakta vanskeleg. Dette uroar lustrabøndene.

– Bekymringa er stigande, for når det berre er dårleg ver så tek vi til å frykte at veret kan hindre uttak av jerv.

– Har ikkje gitt opp

Seniorrådgjevar i Direktoratet for Naturforvaltning, Knut Morten Vangen, meiner at styresmaktene gjer sitt ytterste for å løyse jervefloken.

– Vi har ikkje gitt opp dette området, no prøver vi å halde fram sporingsarbeidet, og vi har og greidd å fatte nye vedtak om felling når tilhøva ligg til rette for det.

Rovdyr gjorde eit stort innhogg i beiteflokkane i Sogn og Fjordane i 2011. Men av 90 søknader om erstatning kom heile 40% frå Luster. No meiner lustrabøndene at styresmaktene må fjerne rovdyra i tråd med rovdyrforliket i Stortinget.

– Rovdyrforliket seier rett ut at i beiteprioriterte område skal det ikkje vere skadegjerande rovdyr, så då må dei takast ut dei som er her, alle saman.

Sauer i fjellet

UTRYGT I SOMMAR: Sauene i indre Sogn går ein utrygg sommar i møte.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK