Hopp til innhold

Fryktar ikkje reprise av mareritthausten i fjor

Etter ein strålande start på sesongen, har Sogndal gått på fleire smellar i sluttminutta dei siste kampane. Sogndalekspert Jon Navarsete fryktar likevel ikkje reprise av fjoråret.

Sogndal

NEDTUR: Bjørn Inge Utvik deppar etter heimetapet mot Stabæk i siste serierunde i fjor. Nedrykket er eit faktum.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

I går tapte Sogndal 2-3 borte mot Ranheim, etter å ha leia 2-0 til pause. Resultatet føyer seg inn i rekkja av dårlege resultat etter ein rekordgod start på sesongen. Før ferien spelte Sogndal uavgjort tre kampar på rad. I to av dei mista dei sigeren på overtid. Første test etter ferien enda i kollaps.

– Det er ein del av spelarane som må gå i seg sjølve og stå opp no når det verkeleg brenn. Det er for mange som melder seg ut, det er heilt tydeleg, seier Navarsete.

Fryktar ikkje reprise

Fjoråret enda i nedrykk etter ein av dei verste haustsesongane i Sogndal si historie. Fem poeng på dei siste femten kampane var fasiten, etter at laget hadde plukka nitten i vårsesongen.

Jon Navarsete

NØKTERN OPTIMIST: Jon Navarsete har trua på Sogndal, sjølv om forma har dabba av i det siste.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Navarsete fryktar ikkje reprise, sjølv om det har butta i mot i det siste.

– Nei, det gjer eg ikkje, for eg har følgt med dei litt i sommar og intensiteten på treningane har vore bra. Så det er litt merkeleg at ein kollapsar etter pause slik som no, seier han.

– Må vere innstilte på å kjempe

Likevel meiner han at laget må gjere grep.

– Det er ein trend at me blir litt defensive når me leiar. I tillegg er det grufulle personlege feil og lette dødballmål i mot. No har heile gruppa noko å ta tak i, for det me presterer no er ikkje godt nok, seier han.

Samstundes minner han om at dette berre er det andre tapet til no.

– Det er ikkje grunn til å tru at Sogndal plutseleg skal byrje å tapa mange fotballkampar, sjølv om det ikkje er gitt at hausten skal bli like problemfri som vårsesongen. Me må vera innstilte på å kjempa for ein av dei to opprykksplassane, seier Navarsete.