Hopp til innhold

Fryktar avtalen framleis er for tydeleg prega av Frp sin landbrukspolitikk

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, vil ikkje sleppe jubelen laus over avtalen som er rodd i land mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF. Han fryktar jordbruksoppgjeret framleis er for prega av Frp sin landbrukspolitikk.

Per Hilleren

JUBLAR IKKJE: Per Hilleren som er bondelagsleiar i Sogn og Fjordane ser førebels ingen grunn til å juble for landbruksoppgjeret.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Eg er veldig spent på detaljane og innretninga på dette. Ut frå det som blir sagt på pressekonferansen verkar det på Frp som at hovudtyngda av det dei gjekk for i det opphavlege tilbodet står ved lag, seier Per Hilleren til NRK.no onsdag kveld.

På ein pressekonferanse klokka 21 onsdag kveld la regjeringspartia Høgre og Frp, saman med støttepartia Venstre og KrF, fram den endelege avtalen i årets landbruksoppgjer.

Medan regjeringa tilbydde bøndene 150 millionar kroner, har dei fire partia no plussa på 250 millionar kroner til.

Hilleren har ikkje fått sett seg nærare inn i detaljane rundt avtalen, men seier til NRK.no at det er positivt at støttepartia KrF og Venstre har greidd få meir pengar i potten.

– Men når vi veit kva retning Frp går i med norsk matproduksjon, så er eg spent på om KrF og Venstre har greidd bremse dei endringane som Frp og Høgre vil ha, seier Hilleren.

– Ein veldig god avtale

Ein som derimot er godt nøgd med avtalen som er forhandla fram er Frp-leiaren i Sogn og Fjordane. Han skildrar avtalen som ein «ein veldig god avtale for landbruket».

– Dette er ein avtale som sikrar dei viktigaste grepa som vart lagt fram frå regjeringa si side. Der vart det lagt opp til at det skal lønne seg å auke produksjonen, og auka lønsemd for dei som driv jordbruk på heiltid.

– Eg er godt nøgd med at vi saman med Venstre og KrF har kome til semje på dette, seier Frank Willy Djuvik som er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik

GODT NØGD: Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp meiner avtalen som er kome i stand mellom regjeringa og støttepartia er svært god.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Fekk tilbod om berre ti prosent

Etter at staten tilbydde bøndene 150 millionar kroner meir neste år gjekk det ikkje lang tid før dei braut forhandlingane. Kravet deira var på ti gonger meir, 1, 5 milliard kroner, og bønder over heile Norge rasa mot landbrukspolitikken til dei blå med makta.

Mange var spesielt rasande fordi dei meinte Høgre og Frp la opp til ei innretning på landbruksstøtta som berre ville kome nokre få store bønder til gode.

I går vart det kjent at stortingsgruppa til Arbeidarpartiet ville gje bøndene 450 millionar kroner, eit tilbod dei meinte både bøndene og regjeringa burde stille seg bak.

Det blir det no ikkje behov for å ta stilling til, regjeringa har nemleg fått med seg støttepartia på ein anna avtale.

Meir til dei mindre

Med 250 millionar kroner meir enn staten sitt opphavlege tilbod i potten, presiserte både KrF og Venstre på pressekonferansen at det også i framtida skulle vere mogleg for dei mindre bruka å leve vidare.

– Dette er ikkje eit tap for Framstegspartiet, nei. Når ein har auka ramma er dette fornuftig. Så lenge ein klarar halde oppe det som var vårt mål, nemleg å sikre seg at det ikkje skal straffe seg å bli stor, og at det ikkje skal straffe seg å investere og få ei meir effektiv og lønsam drift, seier Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp.

– Det at ein aukar ramma og fann rom for også å støtte dei mellomstore og mindre bruka noko meir, det har vi ikkje noko problem med.

– Framleis stor inntektsgap

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren, seier oppgjeret framleis er langt unna det bøndene hadde fortent.

– Om ein skulle ha tetta inntektsgapet bøndene har til andre grupper burde tilbodet frå regjeringa vore plussa på med 325 millionar kroner. Samtidig er det positivt at KrF og Venstre har greidd å dra dette litt i rett retning, seier Hilleren til NRK.no onsdag kveld.

Hilleren er samtidig klar på at han skulle ønskje regjeringa hadde greidd å kome fram til eit slikt tilbod i forhandlingane, og meiner det er heilt unødvendig at desse 250 millionar kronene først vart lagt på i Stortinget.

Kjenner seg ikkje tryggare

I ei pressemelding onsdag kveld seier landbruksminister Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet at ho er glad Høgre og Frp har kome til semje med Venstre og KrF om årets jordbruksoppgjer.

Ho seier vidare at ein i oppgjeret har gått gjennomslag for hovudlinjene frå regjeringa sitt opphavlege tilbod, der det blir lagt opp ei ny retning i landbrukspolitikken.

Nettopp dette likar Hilleren dårleg. Som mange andre bønder kjempar han for at det må leggast betre til rette for at det skal vere liv laga også for dei med mindre bruk.

At Venstre og KrF understreka på pressekonferansen at det også skal vere mogleg å vere små, gjer han ikkje umiddelbart tryggare.

– Eg håpar det er hald i det Venstre og KrF seier, så får vi sjå i avtalen kva som ligg i den.

– Bestod generalprøva med glans

Frp-leiaren i fjordfylket seier det er svært viktig at det var nettopp Høgre, Frp, KrF og Venstre som kom til semje.

– Arbeidarpartiet prøvde å lage eit politisk spel av dette, men det lukkast dei ikkje med. Det var veldig viktig for oss å sjå at det samarbeidet vi har med KrF og Venstre fungerer, også i dei tøffe sakene.

– Dette var ei generalprøve på det samarbeidet, og eg meiner dei fire samarbeidspartia bestod den prøva med glans, seier Djuvik.

Meiner bøndene bør vere nøgde

Sjølv om bøndene no har fått meir enn dei opphavleg vart tilbydd frå Staten, er det framleis eit stykke unna kravet deira på 1,5 milliardar kroner. Djuvik fryktar ikkje at regjeringspartia for alltid har gjort seg upopulære blant bøndene.

– Eg veit det er mange bønder som har vore samde med det opphavlege tilbodet frå regjeringa, og at mange ser at ein må ta ein del grep om ein skal greie auke matproduksjonen.

– Så er det også slik at Frp tidlegare har føreslått å kutte overføringane med både seks og sju millionar kroner, så det at vi no aukar støtta med 400 millionar kroner skal bøndene vere svært godt nøgde med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Lødemel

GODT UTGANGSPUNKT: Meiner Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Eit godt utgangspunkt

Også stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, seier seg godt nøgd med at regjeringa har fått i stand ein avtale med KrF og Venstre. Til liks med Djuvik meiner han det var svært viktig at det var nettopp desse fire partia som vart samde.

– Eg synest dei fortener ros for at dei har kome fram til ei semje. Eg meiner eit bra tilbod her har blitt endå betre, og det har vore eit godt klima mellom regjeringspartia og samarbeidspartia, seier han til NRK.no.

Han fryktar ikkje at regjeringspartia har gjort seg upopulære blant bøndene, og meiner årets jordbruksoppgjer er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med norsk landbruk.

– Det er klart det har vore mykje støy rundt forhandlingane, men når denne støyen får lagt seg trur eg at ein vil sjå at det er mange sider av dette som er bra, også for distriktslandbruket. Eg trur dette er eit godt utgangspunkt å jobbe vidare med, seier han.