– Det er nye jobbar der ute, men mange av dei ledige har ikkje heilt den kompetansen som trengst, og her skal Nav hjelpe, seier Tore Thorsnes i ei pressemelding.
Han er direktør for Nav Sogn og Fjordane. No fryktar han at fleire kan bli ståande utan arbeid i tida framover.
Ved utgangen av april hadde Sogn og Fjordane 125 færre heilt ledige enn på same tid i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på ti prosent. På landsnivå er reduksjonen på sju prosent.
- LES OGSÅ:
Ikkje lenger lågast arbeidsløyse
Det er no 1102 personar heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Dette svarar til 2,0 prosent av arbeidsstyrken, og for første gong på lenge har vi ikkje den lågaste arbeidsløysa i landet.
Rogaland har i april 1,9 prosent av arbeidsstyrken sin utan arbeid. På landsnivå er 66756 personar, eller 2,6 prosent heilt utan arbeid.
Bygg og anlegg og butikk- og salsarbeid (begge minus 32 prosent) har størst nedgang i arbeidsløysa samanlikna med april i fjor. I industrien er det 299 heilt ledige, 66 færre enn i april 2011 og ein reduksjon på 18 prosent.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Kontorarbeid og barne- og ungdomsarbeid har størst auke i arbeidsløysa med høvesvis 42 prosent og 23 prosent.
(Artikkelen held fram under biletet)
Størst reduksjon i Hyllestad
15 av 26 kommunar har ein reduksjon i arbeidsløysa frå april i fjor. Kommunane Hyllestad (-50 prosent), Gulen (- 45 prosent) og Askvoll (– 36 prosent), har størst reduksjon.
Bremanger og Vågsøy har høgast arbeidsløyse i april med høvesvis 5,0 prosent og 4,0 prosent. Mange heilt permitterte frå fiskeindustrien dreg tala opp i desse kommunane.
I andre enden av skalaen finn vi Gulen med 0,9 prosent og Vik, Leikanger og Gloppen med 1,0 prosent.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Færre permitterte i fylket
230 av dei heilt ledige i fylket er permitterte. Dette er 44 færre enn i april i fjor. 132 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien, ein reduksjon på 13 frå april i fjor.
Det blei registrert 499 nye ledige stillingar i april. Dette er ein auke på 16 frå april i fjor.
Auken er størst innanfor jordbruk, skogbruk og fiske og barne- og ungdomsarbeid.