Hopp til innhold

Fryktar at tjuvfiskarane slepp unna etter båtkutt

Elveeigarane reagerer sterkt på at Miljødirektoratet kuttar ein av oppsynsbåtane på Vestlandet. Dei fryktar at tjuvfiskarane nærast skal få fritt spelerom i sommar.

Eiliv Erdal

STERKT UROA: Eilif Erdal i Nausta elveeigarlag fryktar store konsekvensar av kutt i naturoppsynet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det vi reagerer mest på er at dei kuttar i ei tid når vi verkeleg har behov for det. I samband med oppsynet i fjor som elveeigarlaga betalte, så stod vi for 10 prosent av det totale beslaget av ulovleg utstyr i Norge i fjor. Det syner at det er eit betydeleg behov, seier leiar i Nausta elveeigarlag, Eilif Erdal.

Frå og med denne sesongen skal oppsynsbåten i Florø dekkje heile Sogn og Fjordane og Hordaland. Store avstandar og mange fjordar. Framover er det 1,2 årsverk som sørge for oppsyn på kyststrekninga frå Boknafjorden til Sunnmøre.

– Det er jo ikkje hjelp i at vi har strenge kvotar i elvane og driv med kultiveringsarbeid når meir eller mindre organisert tjuvfiske tek knekken på bestanden. Vi har Jølstra som slit med stor innblanding av oppdrettsfisk og har store utfordringar, og der kan nokre få fiskar utgjere ein stor skilnad, seier Erdal.

Vil bidra til sommaren

Han får støtte frå Finn Olav Myhren i Vestskog, som saman med andre kyndige har hjulpe elveeigarane i Nausta, Jølstra og Vestre Hyen med oppsyn.

– Det er heilt klart eit behov for styrka tilsyn, og vi vil bidra med vårt også denne sommaren, seier Myhren på telefon frå påskefjellet.

Oppsynsbåt Hordaland

KUTTAR DENNE BÅTEN: Miljødirektoratet skal selje denne båten som har blitt brukt til fiskeoppsyn i Hordaland.

Foto: NRK

– Vil vere forsvarleg

Miljødirektoratet meiner på si side at Statens Naturoppsyn sitt arbeid i dei lakseførande fjordane vil vere tilfredsstillande, sjølv om dei kuttar ut ein båt.

– Oppsynsressursane blir naturleg nok spreidd meir tynt utover, men vi meiner vi skal klare å halde oppe eit forsvarleg oppsyn, sjølv om omfanget blir mindre, sa direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn, til NRK denne veka.

– Må ta vare på gytefisken

I Naustdal er Eilif Erdal uroa for kva kutt i naturoppsynet vil få å seie for det nitidige arbeidet dei legg ned for å styrke lakse- og sjøaurestamma i elva Nausta.

– Alle elvane treng at vi tek vare på meir gytefisk. No snakkar vi om at båten i Florø skal dekkje både Sogn og Fjordane og Hordaland. Eg meiner at det burde vore to, kanskje tre båtar i sving frå no og til seinhausten for å passe på at ingen fiskar ulovleg den fisken som skal til elvane for å gyte.