Hopp til innhold

Fryktar at Sognebåten aldri kjem inn hit att

Sognebåten har ikkje lagt til kai i Lavik sidan 2013. – Det er alvorleg for oss om båten ikkje kjem tilbake, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland.

Fjordtroll ved Lavik kai

EIT ETTERLENGTA SYN: Ordførar Petter Sortland er redd innbyggjarane aldri får sjå hurtigbåten kome inn att mot kai i Lavik. Her er det MS «Fjordtroll», som ikkje lenger går Sogneruta, som er på veg inn til Lavik. (Arkivbilete).

Foto: Svein Frode Pedersen

Arbeidet med den nye kaien har trekt ut i tid, og hurtigbåten har ikkje hatt moglegheit til å stogge i Lavik sidan hausten 2013.

Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap) er frustrert, og stussar over kvifor det har teke så langt tid.

– Det er veldig rart. Me fekk beskjed om at båten skulle kome inntil på ettersommaren i fjor. Så skulle han kome inn til nyttår. Etter nyttår skulle han kome inn på vårparten. Viss han heller ikkje no kan kome, synest eg dette byrjar å bli ein parodi.

Krev dato frå fylkeskommunen

Sortland seier dei no tvilar på om båten nokon gong kjem til kai i Lavik att.

– Folk i Lavik-området, og me Høyanger kommune, fryktar for om båten i det heile teke er tenkt å kome tilbake til Lavik. Det er alvorleg for oss.

Petter Sortland

ORDFØRAR: Petter Sortland

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Han stussar over kvifor det har teke så lang tid.

– Me synest dette er svært beklageleg, og no synest eg både Norled og Sogn og Fjordane fylkeskommune må kome opp med ein truverdig dato for kva tid båten kjem tilbake til Lavik. Det må vere eit minstekrav, seier ordføraren.

Lovar at båten skal kome tilbake

Norled viser til at dette er ei sak mellom Statens vegvesen og fylkeskommunen.

Øystein Hunvik i fylkeskommunen opplyser til NRK at båten skal stogge i Lavik i framtida. Han forklarar at problemet er at kaien enno ikkje er klar for båtar som legg til kai sidelengs.

Hunvik kan i dag ikkje sette ein dato for kva tid kaien er klar, men seier dei skal i dialog med Statens vegvesen om dette neste veke.