Hopp til innhold

Frykta lastebilen skulle kvelve

– Eg frykta at lastebilen skulle kvelve. Det seier mannen som måndag tipsa NRK om lastebilen som han meiner ikkje var forsvarleg lasta.

Dårleg sikring av last

DÅRLEG SIKRING: Medtrafikantar reagerte på at lastebilsjåføren held fram med køyring, trass i at lasta tydleg såg ut til å ha forskyvd seg.

Foto: NRK-tipsar

– Eg låg etter lastebilen ein halvt times tid på E39 på veg mot Førde, og såg stroppene som hengde, og kapellet som låg på halv åtte.

Han trur lasta må ha forskyvd seg under køyring, og meiner det er noko sjåføren også måtte vere klar over.

– Eg såg han bremsa godt ned i alle svingar, så det var han nok klar over. Som du ser på biletet så er kapellet på bilen heilt skeivt, og underlaget som røyra har lege på, har og flytta på seg.

– Hadde eg møtt denne lastebilen på vegen, hadde tatt førarkortet frå sjåføren.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen, Sogn og Fjordane Politidistrikt

Mannen fortel at ein kjenning av han hadde observert den same bilen på ferja mellom Fodnes og Mannheller.

– Så han har i alle fall køyrt slik i over to timar.

– Burde aldri køyrt slik

– Dette er absolutt ikkje bra, hadde eg møtte denne lastebilen på vegen hadde eg tatt førarkortet frå sjåføren.

Det seier Espen Gulliksen, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, når han får sjå biletet av lastebilen.

– No veit eg ikkje kor tung lasta er, men den ser tung ut, og det betyr at manøvreringsevna blir dårleg når lasta ligg så skeivt.

Politiet får nesten dagleg meldingar frå folk som reagerer på andre si køyring, eller dårleg sikring av last. Men sjeldan gjeld det så grove tilfelle som bileta frå måndag syner.

– Ein ser mykje rart på internett av dårleg lasting, men dette er noko av det verste eg har sett. I alle fall på norske vegar.

– Korleis reagerer du når høyrer at denne bilen kan ha køyrt slik i over to timar?

– Det er ikkje bra, den burde ikkje ha køyrt i det heile tatt.