Hanne Kristine Fridtun - OMKOM: Hanne Kristine Fridtun er funnen død etter tragedien på Utøya sist fredag. - Foto: privat foto /

OMKOM: Hanne Kristine Fridtun er funnen død etter tragedien på Utøya sist fredag.

Foto: privat foto

Stadfesta omkomen på Utøya

Hanne Kristine Fridtun (19) frå Stryn omkom i terrorangrepet på Utøya. – Dette er ein sorgtung dag, seier ordføraren.

Fridtun har vore sakna sidan skytinga på Utøya fredag og i dag blei namnet hennar offentleggjort på politiet si liste over omkomne. Fridtun var saman med om lag 650 ungdomar på AUF sin sommarleir då ein mann, som blei pågripen av politiet, starta å skyte rundt seg.

LES OGSÅ: Har offentleggjort namn på drepne etter terroren

Strynejenta blei vald til fylkesleiar for Sogn og Fjordane AUF i februar. Årets sommarleir på Utøya var den første for Fridtun. Ho ville fylt 20 år neste månad og var student ved sjukepleieutdanninga i Førde.

– Ingen kan forstå dette

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet og ordførar i Stryn, Nils P. Støyva, seier dette er ein trist og vanskeleg dag.

– Det er ein sorgtung dag. Ingen kan forstå korleis dette kunne ramme Hanne Kristine, seier han.

Støyva fortel om ei flink, påliteleg og engasjert jente som brann for dei svake i samfunnet.

– Eg har kjent ho godt i to år etter at vi starta opp Stryn AUF igjen. Ho var energisk og hadde eit stort engasjement.

– Verdig markering

Samstundes som politiet offentleggjorde lista med nam over omkomne, blei det halde ei markering i Stryn med ordførar, lensmann og prest fortalde kva som hadde skjedd. Sokneprest Kjetil Netland er ein del av kriseteamet i Stryn og var tilstades i Kulturhuset i kveld.

– Stemninga var prega av verdigheit og ungdommane støtta kvarandre. Det var mange som gret og var lei seg for det som har skjedd, seier han.

Dei fire andre frå Sogn og Fjordane som var på leiren, er komne til rette. I følgje politiet blei 68 personar drepne på Utøya og åtte i regjeringskvartalet i Oslo i terrorangrepa.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.