Hopp til innhold

Fresvik vassverk har totalhavarert - elva har gjort store skader

Om lag 70 husstandar, skulen, barnehagen, og bygdeheimen er utan vatn.

Fresvik vassvark er totalskadd etter flaumen

TOTALHAVARERT: Det tekniske bygget til Fresvik vassverk står framleis, men røyrgata som går inn og ut herifrå er totalskadd.

Foto: Rune Åmot

Enorm flaum i Fresvikelva har teke store delar av vassleidningane til vassverket som ligg nokre kilometer opp i dalen.

Reidar Bøthun i Fresvik vassverk seier skadane er enorme.

– De må kome hit å sjå sjølve, eg har ikkje fantasi til å beskrive det, seier han.

Fresvik vassverk leverer vatn til store delar av bygda. Reidar Bøthun seier det vil gå lang tid før dei får reparert skadane.

– Det vil ikkje bli bygd opp att i løpet av dette året i alle fall, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Uframkommeleg veg i Fresvikdalen

VASKA VEKK: Skadane etter flaumen har gjort vegen som går opp i dalen i Fresvik uframkommeleg.

Foto: Rune Åmot

Difor må dei no setje inn ekstraløysingar. I løpet av kvelden kjem kommunen inn med ein tankbil med reint drikkevatn til innbyggjarane.

Fresvik skule og barnehagen vil bli tilknytt eit anna vassverk og skal vere oppe og gå i løpet av morgondagen.

Resten av abonnentane skal få vatn seinare på kvelden i morgon, men drikkevatnet må kokast.

I tillegg til skadane på vassverket, har også vegen oppe i dalen fått hard medfart og ein kraftstasjon er totalskadd.

Fresvikelva har gjort skader på røyrgata til eit kraftverk

STOR ELV: Skadane i elva er store. Dei gule røyra i bakgrunnen høyrer til eit kraftverk i dalen, som no vil vere ute av drift i ei god stund.

Foto: Rune Åmot