Benk stolen i Stryn - VEKKE: Her har det også vore ein benk å sitje på. No er steinen vekke frå fundamentet. - Foto: Privat /

VEKKE: Her har det også vore ein benk å sitje på. No er steinen vekke frå fundamentet.

Foto: Privat

Frekke tjuvar stal gråstein-benk

Ei steinplate på eitt tonn er sporlaust vekke frå ein benk i Hjelledalen i Stryn.

Tjuveriet blei oppdaga for vel ei veke sidan ved Jøl bru på veg mot Strynefjellet. Det var entreprenøren som har ansvar for vegen, som oppdaga at steinplata var vekke frå benken. No står berre bordet att.

Lang og tung

Byggjeleiar i Statens vegvesen i Nordford, Terje Samuelsen, veit ikkje kva som har skjedd.

– Vi anar ikkje, men benken er i alle fall forsvunne frå fundamentet, seier han.

Det er snakk om ein stor gråstein på minst eitt tonn og som er om lag 2,5 meter lang.

– Dei som har teke den med seg, må ha hatt maskinelt utstyr, seier han.

Tykkjer det er rart

Han forstår ikkje at nokon kan finne på å stele heilt vanleg gråstein. Men saka er ikkje meld til politiet.

– Nei, det har vi ikkje. Det er ingen grunn til det. No satsar vi på å finne ein ny stein som vi kan leggje på plass.

– Kva trur du folk treng ein slik stein til?

– Det anar eg ikkje, rett og slett. Vi har ikkje tidlegare vore utsette for at folk stel norsk gråstein, seier han.

Stal benken i Stryn - LIKE VED VEGEN: Benken og bordet står like ved vegen til Strynefjellet. - Foto: Privat /

LIKE VED VEGEN: Benken og bordet står like ved vegen til Strynefjellet.

Foto: Privat

Fleire nyhende

I over eitt år har eit samla beredskaps-Noreg venta på den største omveltninga i politiet nokon gong. Framleis utan svar. Mange politidistrikt er føreslått nedlagt. I Sogn og Fjordane har ventetida ført til at folk har slutta.
Elektrikarar er blitt mangelvare. Berre dei neste åra vil det mangle opp mot 200 elektrikarar i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Den tørre, fine hausten har ført til fantastiske forhold for å jakte på nordlys også her på Vestlandet.
Men nordlyset er uforutsigbart, og du må vera ivrig viss du vil fange og forevige det.

Kvar er dette?

Kvar er dette - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her