Sellevåg treskofabrikk ligg inst i Gulen i Sogn. Fabrikken produserte tresko heilt fram til 1972 og er eit godt døme på småskalaindustri i Noreg.
Fabrikken har sidan 1994 vore eitt av dei utvalde teknisk/industrielle anlegga som har fått stønad frå Riksantikvaren over statsbudsjettet til vedlikehald og istandsetjing.
- LES OGSÅ:
No vert fabrikken freda, og riksantikvar Jørn Holme vil sjølv vere til stades under ei markering av fredinga søndag 12. august.
Ved Sellevåg treskofabrikk var det produksjon av tresko mellom 1899 og 1972. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året. Frå 1952 vart òg sagbruk ei viktig brikke i produksjonslina.
Heilskapen og det autentiske i anlegget gjer at Sellevåg Treskofabrikk er eit kulturminne av nasjonal interesse. Anlegget har både viktige teknologihistoriske og arkitekturhistoriske verdiar.
Fredinga omfattar eksteriøret og interiøret til bygningane, slik som planløysing, materialbruk og overflatebehandling, og detaljar som vindauge, dører, gerikter, listverk, eldstadar og fast inventar. Fredinga omfattar òg større laust inventar.