Hopp til innhold

Fråstelt GPS for nesten ein million

I løpet av helga har tjuvar brote seg inn i tre gravemaskiner på anleggsplassen ved Maristova på Filefjell og stukke av med GPS-utstyr for mellom 700 000 og 800 000 kroner.

Politi

POLITIET: ...har gjort åstadsundersøkingar, men er veldig interesserte i tips etter tjuveriet på Filefjell ved Maristova. (illustrasjonsfoto)

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– 22.45 i går kveld kom entreprenøren for å sjå gjennom maskinparken sin før arbeidsveka, men då viste det seg at det hadde blitt stole elektronisk utstyr frå tre gravemaskiner, seier Wenke Hope, operasjonsleiar i politiet i Sogn og Fjordane.

Maskinene er ubrukelege

Det er ikkje småtteri tjuven eller tjuvane har fått med seg heller. GPS-utstyr til ein samla verdi mellom 700 000 og 800 000 kroner er vekke.

– Det er gjort skadeverk for å koma seg inn i maskinene, alle leidningane til GPS-utstyret er klypte av, seier Hope.

Det er høgteknologisk utstyr som er vekke, men no kan ikkje dei tre gravemaskinene brukast.

– Entreprenøren kan ikkje bruke desse maskinene før dei har fått montert nytt utstyr i dei.

Ønskjer tips

Politiet har førebels ingen aning om kven som har stukke av med utstyret. Politiet har gjort åstadsundersøkingar og etterforskar naturlegvis saka vidare.

– Det var folk på plassen der laurdag og då var alt i orden, so det må ha skjedd natt til søndag. Me har ingen opplysningar om kven som har gjort dette, og me er veldig interesserte i tips om nokon har sett noko i området der frå laurdag ettermiddag til søndag kveld som kan setjast i samband med dette tjuveriet. Det er tre Caterpillar gravemaskiner det er snakk om.