Hopp til innhold

Framleis store utfordringar på vegane

Det dårlege vêret gjorde at mange vegar og ferjesamband laurdag måtte stenge eller berre ha redusert kapasitet. Søndag morgon ser det slik ut på vegane i fylket.

Det er kolonnekøyring på fjellovergangane natt til søndag grunna uvêr.

STENGT: Det er framleis kolonnekøyring og fleire stengde vegar som følgje av ekstremvêret Nina.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi fekk nyleg melding om at Vikafjellet ikkje blir opna i dag. Elles er lista over stengde vegar ganske lik slik den var seint laurdag, fortel Kristian Fauskan ved vegtrafikksentralen.

Det betyr at desse vegane er stengde eller innstilte klokka 12:30

  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring grunna uvêr.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av uvêr, blir ikkje opna søndag.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland er stengt på grunn av uvêr, blir ikkje opna søndag.
  • Fylkesveg 55 Esefjorden, på strekninga Balestrand-Dragsvik, er stengt på grunn av rasfare, forventa opning 12:30.
  • Fylkesveg 93 Heldalsheia, strekninga Nautsund-Vadheim, er mellombels stengd på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Fylkesveg 152 Ulvastad-Menes, grunna rasfare.
  • Fylkesveg 241 Gudvangen-Bakka er mellombels stengd på grunn av rasfare, blir ikkje opna søndag.
  • Fylkesveg 614 ferja Stårheim–Isane er mellombels innstilt på grunn av tekniske problem, forventa drift klokka 14. Tilrådd omkøyring om E39.

Oppdaterte meldingar utover søndag kveld finn du her.

Få meldingar om skade

Det har ikkje kome meldingar om tre og anna som ligg inn i vegbana, men Fauskan ser ikkje vekk frå at det kan endre seg.

– Det er litt tidleg å seie enno, men i morgontimane er det få slike meldingar. Samstundes sa mange at dei ikkje ville legge ut på tur laurdag, og vi har hatt entreprenørar i sving som har teke ting etter kvart.

Søndag føremiddag er vegvesent framleis i beredskap, sidan det er venta at uvêret kan halde fram.

– Meldingane tyder på at det kan bli dårlegare vêr igjen måndag kveld. Entreprenørane har gjort ein god innsats med snørydding og anna oppryddingsarbeid siste døgnet, og held fram arbeidet utover søndagen, skriv Vegard Bondevik Lie, pressekontakt i vegvesenet, i ei pressemelding.