Hopp til innhold

Nye fjellovergangar opna for fri ferdsle

Situasjonen betrar seg stadig for fjellovergangane i Sør-Norge.

Hemsedalsfjellet.

OPE: Det er fritt fram for trafikk på Hemsedalsfjellet og dei fleste fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Vind og nedbør har sett sitt preg på fjellovergangane i påska.

Det varsla uvêret hadde ikkje heilt sleppt taket på fjellovergangane i Sør-Norge i morgontimane.

Medan tysdagen starta med fri ferdsle over Årdal–Tyin, Filefjell og Strynefjellet, er no også Hemsedalsfjellet og Hol–Aurland no opna for fri ferdsle. På begge dei to fjellovergangane kan det på kort sikt bli innført kolonnekøyring på grunn av dårleg sikt.

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av skred og skredfare. Fjellet har vore stengt det meste av påska. Her blir det ny vurdering tysdag klokka 15, opplyser Vegtrafikksentralen.

Vil betre seg

I nabofylket er det kolonnekøyring, både for små og store bilar, over Hardangervidda. Haukeli er ope for fri ferdsle.

– Nedbøren og vinden vil vere avtakande utover dagen. Vi reknar med at fjellovergangane vil opne litt etter litt utover dagen i dag, sa vaktoperatør Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen i Bergen i 06-tida.

Av andre trafikkmeldingar kan det vere verdt å merke seg at arbeidet i Høyangertunnelen mellom Vadheim og Balestrand er i gang att etter påske. Her kan det bli stengt på inntil tre timar og 35 minuttar på grunn av vedlikehaldsarbeid.