Hopp til innhold

Ingen spor- men leitar vidare etter Christer i dag

Dersom den sakna 37-åringen ikkje blir funnen denne veka, blir det storaksjon. Leitinga med polithundar held fram torsdag. Christer har vore sakna sidan 9. mai.

leiteaksjon i sogndal haukåsen

FRIVILLIGE: Politiet rosar dei fleire hundre frivillige som har delteke i søket etter sakna Christer (37). No planlegg politiet ein ny storaksjon i komande veke.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

37 år gamle Christer forsvann på Haukåsen i Sogndal 9. mai. Han hadde vore ute på tur med to tilsette ved institusjonen han bur på, sidan har ingen sett han.

Denne veka blir det gjennomført fleire leiteaksjonar.

– Vi håpar sjølvsagt vi skal finne han onsdag eller torsdag, men viss det ikkje blir gjort funn, har vi planlagt ein større aksjon i byrjinga av juni, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

Ingen spor

I aksjonen onsdag har fire politipatruljar frå Hordaland, i tillegg til Røde Kors, leita etter den sakna 37-åringen, utan hell.

– Vi kjem til å halde fram til det blir mørkt i kveld. Torsdag held vi fram leitinga viss han ikkje blir funnen i dag, seier Trond Hatlenes politiet sin operasjonssentral i Florø.

Førebels har det ikkje blitt funne spor etter den sakna 37-åringen. Han skal berre vore kledd i shorts og sko, og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, ifølgje politiet.

100 deltek i søk

Politiet har tidlegare sagt at det ikkje lenger er håp om å finne Christer i live, og at leitinga er gått over til søk etter antatt omkomen.

Johannessen seier det truleg vil bli gjennomført ein storaksjon i komande veke.

– Planen er å samle kring 100 personar, folk frå Røde Kors i heile fylket, i tillegg til politi, seier lensmannen.