Hopp til innhold

Framleis ingen frå fylket i regjeringsapparatet

I eitt år har den blå regjeringa sete i regjeringskontora. Men framleis er det ingen frå Sogn og Fjordane i det over 80 personar store maktapparatet.

Erna Solbergs regjering på slottsplass

IKKJE REPRESENTERT: Sogn og Fjordane er ikkje representert i verken regjeringa eller apparatet rundt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Arve Mjømen

BEKLAGELEG: Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre, tek sjølvkritikk, og seier dei skal gjere meir for å få nokon frå fylket inn i regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg synest lite om det for å vere heilt ærleg. Vi har arbeidde i forkant då det skulle tiltredast posisjonar i regjeringa, men vi har gjerne vore litt for passive, og vi er nøydd til å skjerpe oss på dette.

Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, som tek sjølvkritikk.

Må følgjast opp betre

Eitt år etter at den nye regjeringa tiltredde er det framleis ingen frå fylket som har fått plass i regjeringsapparatet. Fem gonger har det vore endringar blant statssekretærane hjå Kongen i statsråd. To gonger i november i fjor. I april, juni og sist no førre fredag. Men alltid utan nokon frå Sogn og Fjordane.

– Ja, det er verkeleg beklageleg at ikkje vi vert tilgodesett. Så er det no ein gong slik at dette kjem ifrå Statsministeren sitt kontor. Men vi har ein jobb å gjere på heimebane for å få dette til. Der har vi gjerne ikkje vore fullt så flinke, seier han.

– Vi har meldt inn dei namna vi har gjort tidlegare, og meinte det var godt kvalifiserte namn. Så dette må vi følgje opp betre, seier Mjømen.

– Korleis kan ein følgje det opp betre?

– Det må vere med god kontakt inn i dei rekkene som sit og jobbar med endringar i regjeringssystemet. Det er ikkje noko anna måte å gjere det på, seier Mjømen.

Han forklarar at dei har grei kontakt allereie i dag, men ikkje på akkurat dette feltet.

I selskap med Vest-Agder

Sogn og Fjordane er faktisk ikkje åleine. Heller ikkje Vest-Agder har nokon i regjeringsapparatet. Det vil seie av 18 statsrådar, 45 statssekretærar og 19 politiske rådgjevarar totalt 82 posisjonar har desse to fylka 0.

Førsteamanuensis Jon P. Knudsen ved Universitetet i Agder synest det er rart.

– Det er litt oppsiktsvekkande at Vest-Agder ikkje er med sidan det er ei Høgre-dominert regjering. Vest-Agder har alltid pleidd å få god utteljing når det har vore borgarleg regjering, men har altså ikkje fått det denne gongen, seier han.

– Når det gjeld Sogn og Fjordane, så er det klart at det kan vere litt kinkig i ein situasjon der regionalpolitikken og kommunestrukturen kjem under press. Her må regjeringa skaffe seg ryggdekning i forhold til viktige interesser for fylka.

Viktig med sterke nasjonale aktørar

Jon P. Knutsen

OPPSIKTSVEKKANDE: Førsteamanuensis Jon P. Knudsen synest det er rart at ikkje Vest-Agder heller ikkje har nokon i regjeringsapparatet.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Betyr det noko å ha folk i regjeringsapparatet?

– Ja, det gjer det. Viss eg tek Vest-Agder som døme, så er det klart at alle hugsar Ansgar Gabrielsen og Jon Lilletun. Dei var veldig viktige aktørar for store saker som skulle på plass i Agder, seier Knudsen.

Han seier det er vanskeleg å svare på om politikarane i Sogn og Fjordane og Vest-Agder ikkje har vore flinke nok. Han trur at uansett kvar ein er i landet., så er kjensla at ein ikkje har gjennomslag nasjonalt.

– Eg har vore med så lenge at eg hugsar den epoken der alle meinte at det ikkje var mogleg å få ting til i samferdslesektoren fordi vi hadde ingen Kjell Opseth, men det hadde Sogn og Fjordane, ler Knudsen. Han meiner det er viktig å skaffe seg sterke nasjonale aktørar og ha politikarar som har innverknad nasjonalt.

Og i Hedmark har dei ingen statsrådar eller statssekretærar, men Lars Joakim Hanssen (Frp) frå Kongsvinger er politisk rådgjevar i landbruks- og matdepartementet.

Eit par «fylkesalibi»

Det er nokre få "fylkesalibi" i regjeringa. Statssekretær Himanshu Gulati frå Frp ved Statsministerens kontor, som vaks opp i Lavik i Høyanger, statssekretær Hanne Blåfjelldal frå Frp ved landbruks- og matdepartementet som har arbeidd som lærar i Høyanger i eitt år, og statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag frå Høgre i kulturdepartementet som ættar frå Vågsøy.

Og for så vidt har Vest-Agder også eit fylkesalibi. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) har vore både fylkesrådmann og regiondirektør i NHO i Vest-Agder, men er busett i Aust-Agder.

Fylkesleiar Mjømen veit ikkje kor lenge han må vente på å få nokon av sine inn i regjeringskontora.

– Det er heilt umogleg å seie, men eg ser at i løpet av eitt år så har det skjedd rokeringar, og vi er nøydd til å kome i nærare dialog for å få fleire inn. Det er umogleg å resignere på dette her. Det er eit arbeid som må gå føre seg så lenge regjeringa er aktiv og er i posisjon, seier Mjømen.

NRK har spurt om ein kommentar frå Statsministeren sitt kontor i denne saka, utan å få svar.

Kan løfte fram lokale saker

Atle Hamar

VIKTIG: Atle Hamar meiner Sogn og Fjordane definitivt skulle hatt nokon inn i regjeringa frå fylket.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Atle Hamar er no Direktør i Lotteritilsynet, han er òg venstrepolitikar og tidlegare statssekretær både i samferdsledepartementet og justisdepartementet.

Han meiner det er viktig for fylket å ha folk i det sentrale maktapparatet.

– Kjem du frå ein region og eit fylke, så kjenner du dei godt. Sånn sett kan du vareta saker frå den regionen. Vi skulle definitivt hatt nokre politiske posisjonar inn i regjeringsapparatet, seier Hamar.

At Sogn og Fjordane ikkje er blant dei største fylka gjer det enda viktigare å ha nokon i regjeringa som kan gjere politikarane kjend med sakene her, meiner Hamar.

– Som statsråd, statssekretær eller politisk rådgjevar så skal du først og fremst vere rikspolitikar og vareta heilskapen. Men gjer du ein god jobb, så kan du også ta med deg eigne saker, forklarar han.