Geir Mo - BLIR ADM.DIR.: Geir A. Mo blir administrerande direktør i Norges Lasteileigar-Forbund og avsluttar med det arbeidet i Frp. - Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

BLIR ADM.DIR.: Geir A. Mo blir administrerande direktør i Norges Lasteileigar-Forbund og avsluttar med det arbeidet i Frp.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Frå politikken til lastebilnæringa

Sogningen og Frp-politikaren Geir A. Mo forlet no politikken til fordel for å bli ny administrerande direktør i Norges Lasteileigar-Forbund (NLF).

Mo kjem frå stillinga som stabssjef i Framstegspartiet, der han også tidlegare har vore generalsekretær. Politikaren som er fødd i Lærdal har vore blant dei mest kjente Frp-toppane i fleire år, det trass i at han ikkje har vore blant partiet sine stortingspolitikarar.

Forbundsleiar i NLF, Per Madsen, skriv på forbundet sine heimesider at Mo har viktige eigenskapar, mellom anna i form av leiarerfaring får ein stor organisasjon. Han seier prosessen med å finne ein etterkommar til Olav Slaatsveen har vore krevjande.

– Vi er sikre på at Geir A. Mo er rett mann til å styre NLF i ein periode med store krav til effektiv kontakt med styresmaktene og organisatorisk fornying, seier Madsen.

Sjølv seier Mo i ei pressemelding at han har funne ut at tida no er inne for at han skal skifte beite og arbeide med noko anna enn partipolitikk.

– NLF er ein spennande organisasjon som står overfor store utfordringar med internasjonalisering, auka innanlands konkurranse og farane for sosial dumping, seier han.

Mo byrja som gruppesekretær i Framstegpartiet i 1990, og tok over som generalsekretær i 1994. Han leia partiet sin administrasjon fram til 2009 då han vart stabssjef for partileiar Siv Jensen.

Mo byrjar i stillinga som administrerande direktør i NLF 6. august. (NTB/NRK)

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.