Hopp til innhold

Frå læregut til nestor på landslaget på tre år

OSLO (NRK): På berre tre år har Anders Fannemel blitt ein av spydspissane på det norske hopplandslaget. No er han på jakt etter VM-gull i skiflyging.

Anders Fannemel pakkar hoppsko i reisebagen

KLAR FOR EUROPA: Anders Fannemel pakkar hopputstyr i bagen før avreise til Klingenthal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har hatt ein bra treningssommar. No har eg sleppt opp på treninga, og då har eg gjort gode testar, som syner at eg aldri har vore i betre form, seier Anders Fannemel.

Han er i ferd med å pakke hopputstyret sitt i bagen før avreise til Klingenthal. Der skal han vere klar for å starte ein ny sesong i verdscupsirkuset.

Håpar å skape nye profilar for hoppsporten

Det har berre gått nokre månader sidan 24-åringen sette ny verdsrekord med 251,5 meter i skiflyging. Det er heller ikkje lenge sidan han tok VM-gull for lag i stor bakke.

Men sidan den gongen har både Anders Bardal og Anders Jacobsen lagt opp. No er alle dei «store» som prega norsk hoppsport då Fannemel banka på landslagsdøra ikkje lenger aktive - det gjeld også namn som Roar Ljøkelsøy og Johan Remen Evensen.

– Det skjedde meir plutseleg enn eg hadde trudd. Eg håpar vi er klare til å ta over etter dei store profilane vi har hatt i mange år. Velta var også god i fjor, då han vart VM-konge. Så eg håpar vi kan bli nye profilar, seier Fannemel.

Fører vidare kulturen som ligg i laget

Trenar Alexander Stöckl meiner Fannemel har takla den nye rolla si på ein god måte. Saman med Rune Velta har nordfjordingen fått ei leiarrolle på laget.

– Det er spennande å sjå at dei har teke ansvar, og at dei fører vidare den kulturen som er bygd opp over mange år, seier han.

– Det blir eit større forventingspress denne sesongen?

– Det ligg kanskje litt press på han, men han er veldig fokusert og førebudd på sesongen. Så eg ser veldig positivt på dei første konkurransane, seier Stöckl.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

Har planar om å kjempe om VM-gull

Sjølv er Fannemel proppfull av sjølvtillit framfor verdscupstarten i Klingenthal. Fysiske og tekniske testar har vore svært gode, og hoppinga på plast i Midtstubakken har vore oppløftande den siste veka.

– Eg håpar på ein like god start i år som i fjor, då eg leia verdscupen heilt til hoppveka starta. Det hadde vore artig å få til det i år også, men vi skal hoppe først, seier han.

Han har sett seg som mål å vere topp ti i alle renn og kjempe om sigeren på gode dagar. Men kanskje særleg er VM i skiflyging ein draum.

– Eg håpar å ta nokre steg opp på lista og kjempe om gullet der, smiler Fannemel.

Samanliknar seg med dei største

Honndølen var i fjor på sigerspallen sju gongar i verdscupen. Det enda med ein fjerdeplass samanlagt. Sesongen sett under eitt var han kanskje Norges beste skihoppar.

– Det var ein slags draumesesong, men eg føler eg kan betre. Og samanliknar eg meg med til dømes Gregor Schlierenzauer, så er det jo folk som har utretta mykje meir.

Anders Fannemel på treningssykkel

GODT TRENT: Fysiske testar syner at Anders Fannemel er betre førebudd enn nokon gong. Her er nordfjordingen på ergometersykkel på Olympiatoppen.

Foto: Rune Fossum / NRK