Hopp til innhold

Frå 24 til 192 millionar i flaummidlar

Er politikarane på stortinget samde med regjeringa, vil dei flaumråka kommunane få mange fleire millionar å rydde opp for.

Tilsette i Aurland kommune er på ny synfaring i det flaumråka området.

FÅR MEIR: Dei tilsette i Aurland kommune var på synfaring etter flaumen i oktober. Øtdeleggingane var enorme. Og no får kommunen meir pengar til å sikringsarbeidet.

Foto: Rune Fossum

– Dette betyr at sikringsarbeidet kan setjast i gong, jublar ein svært glad ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Fekk valuta for kontakten med ministeren

Ordførar i Aurland, Noralv Distad er nøgd med pengane som regjeringa løyver til strakstiltak.
Foto: Rune Fossum

I dag fremja regjeringa ein proposisjon til Stortinget med forslag om ekstra løyving etter flaumen i haust. Det er allereie 24 millionar kroner i potten til sikringsarbeid, og dei friske midlane vil kome i tillegg til dette.

I fjor haust tok bokstavleg tala vatn over store delar av vestlandet. Flaumen sletta ut hus og hytter, reiv opp tre og la lokalsamfunn i grus.

Oppryddinga starta så snart stormen la seg, og då fekk også alle sjå kor store øydeleggingane var. Ordførarar ropte om meir pengar, statsministeren kom på besøk for å sjå skadane, og folk prøvde å få liva sine på fote att.

Det har også vore tett kontakt mellom dei råka kommunane og regjeringa.

– Vi har heile vegen hatt ein god dialog med statsministeren og olje og energiministeren om dette og forklart kva vi har hatt bruk for. Det er vi glade for, og vi har jo heile tida hatt von om at vi skulle få ekstra midlar til sikringsarbeidet, seier Distad.

Kommunane slepp billegare unna

– Fleire kommunar fekk store skader etter flaumen på vestlandet i oktober. Oppryddings og sikringsarbeidet er godt i gong. Tilleggsløyvingane sikrar NVE nok midlar til å gjennomføre dette viktige arbeidet, seier olje og energiminister Tord Lien.

Han seier også at kommunane som vart råka vil få letta sine kostnader.

– Regjeringa vil setje ned distriktsdelen for hastetiltak for dei hardast råka kommunane, seier han.

For normalt sett har kommunane ein distriktsdel på 20 prosent og den vert sett ned til fem prosent.

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen

KNUST: I Flåm var øydeleggingane store etter at vassmassene hadde gjort sitt.

Sparer ti millionar

– Kostnadane for oss etter flaumen er blitt rekna ut til å vere om lag 70 millionar kroner. Men med dei friske midlane og kostnadsreduksjonen kan vi spare opp mot ti millionar på dette, seier Distad.

Det er kommunane Odda, Lærdal, Aurland, Voss og i deler av Årdal pengane skal nyttast.

Det er olje og energidepartementet som har det overordna ansvaret for det førebyggjande arbeidet av flaumskadar og skredulukker. NVE si oppgåve er mellom anna å yte hjelp til kommunane.