Hopp til innhold

Denne skypumpa suste forbi stoveglaset til Jan Christian

Jan Christian Jerving i Lærdal stod og såg ut på uvêret som rasa, då han fekk sjå eit syn som han aldri har sett før.

Skypumpe

FORT GJORT: Jan Christian Jerving rakk berre to eksponeringar før fenomenet var vekk.

Foto: Jan Christian Jerning

– Eg stod og såg ut på uvêret, eg hadde tenkt meg ut på tur, men vêret var så ufyseleg. Plutseleg såg eg at det kom ein svær virvelvind susande over Lærdalselvi, seier Jan Christian Jerving.

Til alt hell hadde han fotoapparatet liggjande på stovebordet, for augneblinken var vekk omtrent like fort som han kom.

Klarte berre å ta eit par bilete

– Eg klarte å ta to bilete, men det gjekk så fort at du vil nesten ikkje tru det. Virvelvinden drog vidare oppover elva på ein-to-tre. Det var heilt utruleg å få det med seg, seier Jerving.

Jerving fortel at skypumpa suste oppover elva med stor fart. Jerning bur like ved der elva Ofta renn ut. Sjølv om han har budd der sidan 1984, har han aldri sett liknande.

– Nei, aldri. Ikkje noko som liknar ein gong, seier Jerning.

Nesten litt skjelven

Han fortel at skypumpa følgde elveløpet oppover. Sjølv var hen nesten litt skjelven etter å ha foreviga virvelvinden.

– Det var litt artig å få det med seg. Det er ikkje slikt som ein ser kvar dag, seier Jerving.

Svært uvanleg for denne årstida

Vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Anna Reistad, er imponert over dei flotte bileta, og understrekar at Jerving har opplevd noko som er heller uvanleg. Spesielt på denne årstida.

– Han har rett og slett teke bilete av ei skypumpe. Det ser litt ut som ein tornado, men det er mykje svakare. Men dette er svært uvanleg å sjå på denne årstida, understrekar Reistad.

Ho fortel at det er langt vanlegare at skypumper dannar seg om sommaren.

– Det er spesielle tilhøve som skal til for at ei skypumpe dannar seg. Det må vere stor skilnad i trykk oppe og nede, seier Reistad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Suste av garde
Foto: Jan Christian Jerning

Skjer ofte i tilknyting til vatn

Skypumpa blir nesten som eit sugerøyr som dreg med seg vatnet på overflata.

– Veldig ofte ser vi dei i tilknyting til vatn, slik som her i Lærdalselva, seier Reistad.

For å danne slike skypumper trengs det ustabile atmosfæreforhold som skapar stigande luftrørsler. I tillegg må det vere forskjellige vindretningar i to forskjellige luftlag, slik at lufta får ein rotasjon.

At det har vore varierande vindtilhøve i dag, kan Reistad skrive under på.

Vind har stogga skiheisar

– Det har vore sterk kastevind fleire stader på Vestlandet i dag. Vi fekk melding frå fleire skisenter som hadde problem med heisane sine på grunn av den veldig ustabile vinden. Det bles sterk kulting ved kysten, men også i indre strøk var det sterk vind, seier Reistad.

Ho legg til at slike fenomen ofte er svært lokale.

– Denne mannen har sett noko veldig sjeldan, seier Reistad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.