Hopp til innhold

Fotballprofil misbrukt i svindelforsøk

Ikkje ein gong politiet vart utelatne då svindlaren i Nigeria forsøkte å misbruke Bjørn Totland frå Eid sin epostkonto for å lokke pengar frå godtruande kontaktar.

Bjørn Totland (t.h.)

MISBRUKT: Epostadressa og signaturen til Bjørn Totland (t.h.) vart tysdag misbrukt i eit svindelforsøk.

Foto: Eid Fotball

Det var tysdag morgon at eposten med eit tilsynelatande rop om hjelp gjekk ut frå epostkontoen til fotballnomaden frå Eid. Einkvan hadde skaffe seg Totland sitt brukarnamn og passord og fekk fri tilgang til eposten hans.

Kort tid etter var ein kamerat på tråden og fortalde om svindelforsøket.

– Det er kjedeleg greier. Heldigvis skjønar dei fleste at mailen ikkje har kome frå meg, men det kjedeleg i dette er at eg har mista alle epostane med informasjon om jobben min og kontaktane eg hadde, seier Bjørn Totland til NRK.no.

Bad politiet om «hjelp»

I korte trekk fortalde eposten, på svært dårleg norsk, mottakarane at Totland var i Liverpool og hadde mista pengar, pass og telefon. Det enkle spørsmålet var om han kunne få låne 1.200 pund overført til Western Union.

Webjørn Moa

LENSMANN: Også Eid lensmannskontor og lensmann Webjørn Moa vart forsøkt svindla.

Foto: Terje Gilleshammer (MMS-foto) / NRK

Eposten gjekk til eit utal mottakarar. Også til lensmannskontoret på Eid. Truleg fordi Totland har sendt ekte søknader til politiet i samband med engasjementet som klubbutviklar i Eid Fotball.

Årleg blir det gjort datakriminalitet for 20 milliardar kroner i året , men politiet i Eid lét seg ikkje lure.

– Vi kunne sjå med det same at det var brukt oversettingsprogram. Det var utruleg dårleg norsk. Mykje dårlegare enn Totland nokosinne kunne skrive, seier lensmann Webjørn Moa.

Var inne samstundes

Til lensmannskontoret gjekk også Totland, som no har meldt saka til politiet. Der kunne han fortelje at samstundes som han var inne på epostkontoen, så var også svindlaren der. Og han var lokalisert med ei IP-adresse i Nigeria.

Etter at eposten gjekk ut har Totland fått mellom 30 og 40 telefonar, meldingar og blitt kontakta på andre måtar. Han er glad for at han raskt vart varsla om svindelforsøket.

– Samstundes som eg var inne på eposten, så var også svindlaren der og endra språket til arabisk. Eg fekk justert tilbake til norsk og skifta passord tre-fire gonger, samt fjerna innstillinga som vidaresende epostar, seier han og fortel at ein kamerat gav han oppskrifta på korleis han skulle «vinne» tilbake eposten sin.

Mista vesentleg informasjon

Svindlaren har romstert kring om på epostkontoen, og sletta både mapper, epostar og dokument med vesentleg informasjon for Totland. Vedkommande hadde også oppretta ei ny epostadresse i Totland sitt namn som alle epostar vart vidaresendt til.

Beklager for ulemper, jeg er i Liverpool, United Kingdom. Jeg er her i en uke og jeg hadde bare vesken min stjålet på buss-stasjonen. Den inneholder alle mine vitale elementer, telefon, penger og pass. Jeg har vært prøver å sortere ut ting, kan du kan du låne meg summen av 1200 pund, Jeg vil betale tilbake så snart jeg kommer tilbake, kan du gi meg beskjed hvis du kan hjelpe meg sende den gjennom Western union.

Svindlar i Nigeria

Totland har tidlegare spelt fotball for Tornado Måløy, Hødd, Frigg, Follo, Manglerud Star og Drøbak/Frogn. No er han attende i moderklubben Eid som klubbutviklar.

– Eg har mista mapper og diverse dokument om aktivitetar vi jobbar med. Eg håpar folk har forståing for at eg har vore utsett for dette, og at dei forstår at eg kanskje gløymer å følgje opp enkelte ting, seier han.

Sender saka til Kripos

– Eg ringde Google, men fekk til svar at dei ikkje kunne hjelpe folk over telefon. Dei viste til ei nettside som eg ikkje fann vesentleg hjelp i, seier han.

Framgangsmåten er kjend for politiet. Like kjent er det at slike saker er svært krevjande å etterforske. Likevel meiner lensmann Moa at det var rett å kome til politiet med saka.

– Det er i alle fall heilt umogleg for Eid lensmannskontor å nøste opp i dette, men vi går til dei som driv med datakriminalitet hos Kripos med saka, seier han.

– Meir å finne?

– Forsøket er spora til ei IP-adresse i Nigeria, men om det er meir å finne er noko heilt anna, legg lensmannen til og oppmodar alle om å halde alle passord godt beskytta og for seg sjølve.

Totland har stor forståing for at saka er krevjande å etterforske.

– Det er ikkje nødvendigvis bedrageri før nokon betalar, men saka er registrert som den skal, og det er nok ikkje mykje ein kan gjere med slike saker. Eg ventar ikkje at politiet set inn datakyndige ressursar for at eg skal få att informasjonen eg har mista, seier han.

– Gretten og spent

Om epostmottakarar har gått på «limpinnen» eller ikkje, så tykkjer Totland det er irriterande å bli utsett for eit slikt svindelforsøk.

– Eg har vore litt gretten og spent inni meg i dag, men eg er ikkje direkte uroa. Eg er mest irritert fordi eg har mista all informasjonen som eg faktisk har systematisert i åra eg har jobba for Eid Fotball. Eg har mykje som eg veit om og hugsar, men så har eg også mista ein del, avsluttar han.