Hopp til innhold

Fotballkamp med bilar på motortreff

Har du høyrt om bilfotball? I helga blei dette prøvd for aller første gong på Nordfjordeid.

For laurdag gjekk eit flunkande nytt motortreff av stabelen på Nordfjordeid. Det var laga til ei stor utstilling av veteranbilar, amcar og motorsyklar.

Men målet var at mest mogleg fysisk deltaking med konkurransar, autoslalåm, olabilløp og nettopp bilfotball.

– Vi tenkte vi skulle prøve noko nytt, for vi ville ikkje vere kopi av andre treff. Då var det ein som kom på at fotball med bilar kunne vere artig, fortel leiar Arild Hoddevik i NAF motorsport Nordfjord.

Treffet på Nordfjordeid er eit samarbeid mellom NAF motorsport og Svelgen Amcar-klubb. Begge har tidlegare hatt kvar sine treff, men i år fann dei ut at dei kunne slå seg i lag.

Pyroeffektar og lystgass

I bilfotball-konkurransen var det med to lag, eitt frå Eid og eitt frå Svelgen. Det var til og med skaffa ein fotballdommar slik at alt skulle går rett for seg.

– Dette blei veldig gøy med to bilar på kvart lag. Vi hadde ein fotball på 1,2 meter i diameter og fotballmål. Det var ikkje så mange reglar, målet var berre å skåre med bilen.

Og mål blei det. Då kampen var slutt stod det 1–1. Publikum fekk ei artig oppleving med masse knuffing og høge lydar. Laget frå amcar-klubben i Svelgen hadde rigga bilane med pyro-effektar og lystgass for å lage ekstra show med smell og eksplosjonar.

– Vi brukte bilar som skulle vrakast etterpå, så vi gav nok litt ekstra då vi var på bana. Poenget var å lage litt ekstra underhaldning for dei som såg på, ler Hoddevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Motormania på Nordfjordeid

ROSA: Både bil og barnevogn var i rosa og i god, gammal stil.

Foto: Øystein Torheim

Kreative olabilar

På treffet i går var det 108 utstilte bilar. Det er Hoddevik veldig nøgd med. Han har også inntrykk av at publikum kosa seg i sommarvêret. For dei minste var det utleige av radiostyrte bilar og det var olabil-løp.

– Vi tenkte vi skulle tørke støv av olabil-tradisjonen.

– Kan ungane no til dags lage olabilar?

– Eg trur nok det var ein del foreldre som stod bak dei. Det var fem bilar som stilte og dei var ganske kreative.

Håper på nytt treff

Hoddevik håper dei kan gjenta suksessen til neste år. Dei mest innbitte entusiastane reiser rundt på treff nesten kvar helg, i heile landet.

– Det er veldig kjekt å treffast på denne måten, seier Hoddevik som sjølv eig ein Ford Granda og ein Chevrolet Corvette.

Motormania på Nordfjordeid

MYKJE Å SJÅ PÅ: På treffet på Nordfjordeid var det mange ulike bilar å sjå, til stor glede for store og små.

Foto: Øystein Torheim