Hopp til innhold

Fosterheimstenesta etterlyser fleire homofile fosterforeldre

– Eg hadde reagert dersom det var mine ungar som vart utsette for det, seier Torodd Urnes (KrF).

Søker fleire homofile fosterforeldre

LIKEKJØNNA FOSTERFORELDRE: Adrianne Kvam og Rine Kvam er fosterforeldre til to.

Over 200 barn i Noreg står i kø for å få ein ny heim, og talet blir høgare kvart år.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufetat) håpar å minske køane ved å rekruttere fleire homofile fosterforeldre.

– Alle seier vi er fantastiske og flotte menneske, men eg tykkjer ikkje vi er så fantastiske, eller jo det er vi jo, ler Rine Kvam.

Saman med kona Adrianne Kvam har ho tatt til seg to jenter på seks og sju år. Dermed er paret akkurat det Bufetat ynskjer fleire av.

– For meg så har det alltid vore slik at skulle vi ha born, så skulle det vere fosterborn. For meg er det ikkje så fantastisk, det er heilt naturleg, seier Kvam.

Mor og far

Ordførar Torodd Urnes i Luster

MOTSTANDAR: KrF-politikar i Luster, Torodd Urnes, meiner det er viktig for identiteten til borna at dei veks opp med ein far og ei mor.

Foto: NRK

Ikkje alle er like positive til initiativet frå Bufetat. Torodd Urnes er tidlegare ordførar for Kristeleg Folkeparti i Luster, no sit han i kommunestyret, han har ikkje sans for at homofile skal vere fosterforeldre.

– Nei, det er ikkje etter mine prinsipp. Eg meiner sterkt at ungane bør ha ein far og ei mor. Det har dei frå starten av, og det bør dei også ha i oppveksten.

– Meiner du då det er feil av Bufetat å etterlyser fleire homofile?

– Ja, eg hadde reagert dersom det var mine ungar som vart utsette for det, seier Urnes.

Naturleg å også bruke homofile

I Bufetat seier Rita Tonning at det er viktig å få eit mangfald mellom fosterforeldra, og då er det naturleg å også bruke homofile par.

Rita Tonning

VIL HA HOMOFILE: Rita Tonning og Bufetat ser etter homofile som fosterforeldre.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har god erfaringar med homofile par. Vi er opptekne av å gå breitt ut og rekruttere mangfaldet av familiar. Barn er ulike og familiar er ulike. Men vi har gode erfaringar med homofile som fosterforeldre, og det har også kommunane, seier Tonning.

Foreininga for kjønns,- og seksualitetsmangfold FRI meiner det er positivt at Bufetat søkjer likekjønna som fosterforeldre.

– Vi tykkjer det positivt at Bufetat ser forbi kjønn, og heller fokuserer på det som er viktig; nemleg å finne fosterforeldre som kan gi barna ein trygg og god oppvekst, seier Joakim Aadland, som er nestleiar i FRI i Bergen og Hordaland.

– Kva tenkjer de om at enkelte er kritiske og meiner det skader barn å vekse opp utan foreldre av begge kjønn?

– At folk er kritiske til likekjønna foreldre kjem av gamle normer som seier at ein familie skal bestå av mor, far og barn. Dette har vi heldigvis begynt å bevege oss vekk ifrå, og dei fleste anerkjenner at familiar kan vere så mangt, seier Aadland.

Meir akseptert

Heime hjå familien Kvam i Luster har dei ikkje merka negative reaksjonar på at dei som likekjønna par er fosterforeldre.

– Enkelte har spurt om dei biologiske foreldra har reagert eller stilt spørsmål, elles har det ikkje vore så mykje spørsmål, seier Adrianne Kvam.

– Det er ingen som har kome til meg og sagt at dei ikkje tykkjer det er greitt. Eg tykkjer det er flott at Bufetat ynskjer fleire homofile fosterforeldre, seier Rine Kvam.