Hopp til innhold

Nettet er så dårleg at dei ofte ikkje får teke betalt av kundane

Hjå Briksdalsbre Fjellstove i Oldedalen er nett-tilgangen så dårleg at dei av og til ikkje får teke betalt av turistane – rett og slett fordi betalingsterminalen ikkje verkar.

Haugen og Briksdal

FRUSTRERT: Både Rogeir Haugen og Per Briksdal i høvesvis Oldedalen Skyss og Briksdalsbre Fjellstove, frustrerer over elendig breiband i Oldedalen.

Foto: Harald Kolseth/Kjell Arvid Stølen / NRK

– For å få gjort kontorarbeid her, må vi dagleg trekkje ut leidningen, elles seier nettet stopp, seier Per Briksdal til Bergens Tidende.

Han driv suvenirbutikken og kafeen Briksdalsbre Fjellstove inst i Oldedalen. Turistbussane står i kø for at langvegsfarande skal få nokre glimt av den mektige Briksdalsbreen.

Er tregt og ustabilt

Men eit breiband som ikkje fungerer, gir grå hår i hovudet på både Briksdal og turistane.

Det trege og ustabile nettet, gjer til at Briksdal ofte slit med å få teke betalt av turistane.

– Det henger at vi ikkje kan ta imot betaling fordi nettet sviktar, seier Briksdal til avisa.

Det er fortvilande når ein føler at teknikken ikkje heng med.

Rogeir Haugen

Og turistane, som er essensielle for turistdrifta i den vesle dalen, gjer det allereie elendige nettet, endå verre.

For når turistane koplar seg på dei trådlause netta, går det allereie sneglekjappe nettet, endå tregare. Briksdal seier til Bergens Tidende at han trur i underkant av 200.000 besøkjer breen kvart år.

Ønskjer seg fiberkablar

No vil dei vel hundre som bur i Oldedalen ha fiberkablar til alle husstandar og bedrifter. For i dag er det telefonleidningen som gir dei breiband.

Oldedalen Utviklingslag etterlyste i juni både ansvarsplassering og framdrift på utbygginga, og understreka at det er eit sterkt behov for meir breiband i Oldedalen.

Dei meiner det ikkje er tilfredsstillande slik det er i dag. Dess lenger vekk ein kjem frå sentralen, dess dårlegare blir det.

Ifølgje Telenor er Oldedalen eit krevjande område for breiband, og nettkapasieteten varierer i forhold til kva abonnement kundane har.

Det er eit helvete å jobbe med dette nettet, det høyrer ikkje heime i 2013.

Rogeir Haugen

Stryn kommune søkte i 2011 om tilskot til byggje ut fiber til Oldedalen, med to alternativ. Prosjektet fekk tildelt midlar på nær éin million kroner frå fylkeskommunen til det alternativet som kosta minst.

Men grunna konkurransereglar var ikkje dette eit alternativ Telenor kunne gå med på, og difor har ingenting skjedd.

Det frustrerer både Briksdal og turistane.

– Det er snart to år sidan vi fekk tildelt midlar, men ingenting har skjedd. No håpar eg at dei finn ei løysing i haust, seier Briksdal.

Høyrer ikkje heime i 2013

Rogeir Haugen driv Oldedalen Skyss som skyssar turistar opp og ned til Briksdalsbreen. For slikt arbeid, krevst det dagleg kontakt med turoperatørar verda over for å få booka alt som skal skje.

– Det er eit helvete å jobbe med dette nettet, det høyrer ikkje heime i 2013, seier Haugen til Bergens Tidende.

Han understrekar at god kommunikasjon er viktig, då turoperatørane ofte må ha kjappe tilbakemeldingar.

Haugen er frustrert over å miste nettet ofte.

– Det er fortvilande når ein føler at teknikken ikkje heng med, seier Haugen.

Regjeringa har brukt éin milliard kroner på å byggje ut breiband sidan 2006, men kapasiteten varierer framleis sterkt i Norges langstrekte land.